Hopp til innhold

Lastebil køyrde i personbil bakfrå

Naudetatane rykte klokka 16.32 onsdag ut til ei ulukke ved Farsund på E39 nord for Førde. Politiet har kverrsett førarkortet til den eine bilføraren.

Kollisjon Farsund i Førde

PÅKØYRD BAKFRÅ: Personbilen blei påkøyrd bakfrå av ein lastebil på Farsund i Førde.

Foto: Rune Fossum / NRK

Politiet melder klokka 16.38 at ein personbil er påkøyrd bakfrå av ein lastebil. Kollisjonen skjedde like ved oppkøyringa til det nye byggjefeltet på Farsund.

– Ved Farsund bru er det ein personbil som blei påkøyrd av ein lastebil bakfrå. Det var ein person i kvar bil, og fører av personbilen klaga over hovudsmerter, opplyser operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Espen Gulliksen, til NRK.

Politi, brann og ambulanse kom raskt til staden.

– Føraren av personbilen blir sjekka av lege. Politiet tek også eit kjapt avhøyr av dei involverte, opplyser Gulliksen.

Førarkortet til lastebilføraren er kverrsett. E39 var stengd i 10 minutt medan ambulansen var på staden.