Full utrykking til sykkelulukke

Naudetatane rykte i 13-tida ut til ei ulukke på Rallarvegen mellom Myrdal og Vatnahalsen i Flåmsdalen i Aurland. Ei kvinne var uheldig og sklei på sykkel.

Laster kart, vennligst vent...

Alarmsentralen i Sogn og Fjordane opplyser til NRK at redningsmannskap raskt rykte ut til ulukkesstaden.

– Vi fekk melding om ei sykkelulykke nær Myrdal stasjon, og den første meldinga verka dramatisk. Så vi køyrde ut alt tilgjengeleg mannskap, og på eit tidspunkt var også ei alpin redningsgruppe på veg. Heldigvis viste det seg at det ikkje var så dramatisk som vi først trudde, seier Dan Inge Gjesdal ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

Ved 13.30-tida melde Vest politidistrikt at ei kvinne hadde sklidd om lag ti meter ned mot eit vatn. Vedkommande var då medviten, oppegåande og lettare skadd.

Kvinna skal ha vore del av eit turfølgje. Det er førebels uvisst korleis uhellet har skjedd.

Rallarvegen har fleire gongar blitt kåra til den vakraste sykkelvegen i Noreg, og trekkjer årleg til seg om lag 25.000 turistar. Vegen startar på Haugastøl og følgjer Bergensbanen til Finse, Hallingskeid og Myrdal før han held fram langs Flåmsbana til Flåm.

Frå Myrdal er det fleire til dels svært bratte parti på grusveg.