NRK Meny
Normal

Solund: Brannvesenet har sløkt dramatisk brann på ferjekai

Brannen i maskinrommet på ferjekaia på Krakhella i Solund er no sløkt. Alle ferjeavgangar er innstilt, opplyser Fjord1.

Brann Krakhella

SLØKT: Brannvesenet har no fått kontroll over situasjonen på ferjekaia på Krakhella i Solund.

Foto: Anna Krakhellen

– Maskinrommet på kaia står i full fyr, men førebels veit vi ikkje noko meir enn det. Men det er heilt klart at ferja ikkje kan gå inn til kaia no, fekk NRK opplyst frå Fjord1 rett før klokka 15 onsdag.

Brannvesenet i Solund blei varsla, det same blei politiet. Utrykningsstyrkane kom raskt til staden, får NRK opplyst frå 110-sentralen i Hordaland.

Brann på ferjekaien på Krakhella

BRANN PÅ KAIA: Brannvesenet rykka ut til ferjekaia på Krakhella.

Foto: Anna Krakhellen

– Vi fekk melding om brannen klokka 14.19 frå eit augevitne som såg at det brann i skuret ved ferjekaia, opplyste vaktkommandør Jan Henning Fossedal ved 110-sentralen til NRK.

Brann ned

I skuret er maskina som hevar og senkar ferjekaia, men det er også stålrør og ein stor tank med fleire hundre liter hydraulikkolje.

– Vi veit førebels ikkje om denne har teke fyr, eller om det er eksplosjonsfare. Men oljen er inne i ein tank, og det kan oppstå høgt trykk, sa Fossedal.

Brannen vart meldt sløkt i 15.30-tida. Då hadde maskinhuset blitt slukt av flammane. Ferjekaien er mellombels ute av drift.

I drift torsdag

Prosjektleiar ferjekai vedlikehald hos Statens vegvesen, Audun Borlaug, seier dei har reservemateriell på veg.

Håpet er at problemet blir mellombels løyst med eit beredskapsaggregat som no er på veg frå Leikanger til Krakhellen.

– Dersom det berre er heisehuset, som vi til no har opplysningar om, så er dette ein kurant sak å få i gang igjen. I alle fall i morgon tidleg, men kanskje også i kveld, seier han.

– Men vi veit førebels lite om øvrige skader på kaien. Vi har førebels ikkje hatt folk på staden, seier Borlaug.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser