Hopp til innhold

Måtte ha hjelp for å kome ut

Naudetatane rykte torsdag ettermiddag ut til ei bilulukke på Stårheim i Eid kommune.

Bilulukke Stårheim

HJELP: Hjelpemannskap måtte hjelpe føraren ut av bilen, men før det var folk på staden allereie på staden for å hjelpe.

Foto: Øystein Torheim

– Det er ein bil involvert med ein enkelt førar, seier vaktleiar Espen Rysjedal ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

Trengde hjelp for å kome seg ut

Det er førebels ukjent kva som gjorde at bilen velta.

– Personen sleit med å kome seg ut, og trengde hjelp frå hjelpemannskapa.

Ifølgje fotografen på staden måtte føraren hjelpast ut. Hjelpemannskapa snudde bilen og hjelpte føraren ut.

Skal ikkje vere alvorleg

Akkurat no vert føraren frakta til lege eller sjukehus, fortel fotografen. Føraren skal ha lagt seg på båre ved eiga hjelp.

Ifølgje alarmsentralen er skadeomfanget førebels ukjent.

– Men etter det vi veit skal det ikkje vere alvorleg, seier Rysjedal.

Politiet opplyser at føraren var ein mann i 70-åra.

Torsdag kveld opplyser AMK ved Førde sentralsjukehus at mannen er sendt til legevakt på Nordfjordeid for ein kontroll.

Bilulukke Stårheim
Foto: Øystein Torheim