Hopp til innhold

Full strid om ubåtjakta

Det var full strid i forsvaret om det eigentleg var ein framand ubåt i Sognefjorden i 1972.

Ubåtjakt i Sognefjorden.
Foto: NRK

Dette går fram i nyleg nedgradrete dokument om ubåtaksjonen for 38 år siden. Både forsvarsministeren og forsvarssjefen var tidleg ute og stadfesta at det var ein framand ubåt i Sognefjorden i 1972. Dei viste til vitneobeservasjonar frå land og sonarkontakt med den framande ubåten.

Meiner det mangla bevis

Men denne versjonen var det mange både i forsvaret og i Forsvarsdepartementet som stilte seg svært kritiske til. Byråsjef Viggo Aagaard i Forsvarsdepartenmentet var ein av dei som meinte det ikkje fanst bevis for at det var ein framand ubåt i fjorden. Han skreiv fleire brev om dette til sin eigen sjef, forsvarsministeren.

Kraftsalve mot ministeren

I eitt av breva frå 25. jaunar 1974 kjem han mellom anna med denne kraftsalven: "Jeg skal gå rett på sak, og vil hevde at de fremlagte dokumenter ikke gir noe holdbart bevis for eksistensen av en utenlandsk ubåt i Sognefjorden i november 1972. Derimot gir dokumentene inntrykk av at man fra overkommandoens side søker å dekke over det hysteri som preget såvel den politiske som militære ledelse i det angjeldende tidsrom, men også at overkommandoen har unndratt viktige opplysninger for den politiske ledelse. Jeg finner affæren som særlig ondartet med betenkelige konstitusjonelle aspekter, i hvilket inngår at Stortinget og landets befolkning i denne saken er gitt en full desinformasjon."

Alarmerade

Aagaard viste til at viktig informasjon som heilt klart tyda på at det ikkje var ein framand ubåt i fjorden vart neglisjert både av forsvarsleiinga og den politiske leiinga. Han karakteriserer dette som oppsiktsvekkjande og alarmerande.

Aagaard viste vidare til at det norske forsvaret rundt 1970 vart prega av ei sterkare "kald krig-haldning", ikkje minst etter opåtrykk frå England, og at det kan ha bidrege til at det vart konkludert med at det var ein fiendtleg ubåt i Sognefjorden.

Sladda dokument

Det er forsvarsminister Grete Faremo som har offentleggjort dei siste dokumenta, etter påtrykk frå media. Sjølv om mykje som tidlegare har vore gradert no er offentleggjort, er det framleis ein god del informasjon vi ikkje får innsyn i. Fleire sider i dokumenta om Sognefjordaksjonen er nemleg sladda.