NRK Meny
Normal

Vil ha øydelagt steinkross tilbake der den stod - museet blånektar

Den eldgamle steinkrossen i Eivindvik knakk i to, og kommunen vil setje den opp att der den stod ved kyrkja. Men universitetsmuseet i Bergen blånektar. Dei meiner det vil vere for farleg, både for folk og steinkross.

Krossen i Eivindvik

KNAKK I TO: Den eldgamle steinkrossen i Eivindvik knakk i to ved eit uhell. No ligg delane av krossen på lager.

Foto: Ottar Starheim/Laila Indrebø / NRK

– Vi tilrår alle som har vore inne i denne saka at krossen ikkje blir reist opp att utandørs. Det er den knapt sterk nok til. Brotet har gjort krossen såpass svak at det vil kunne bli stor slitasje, og det den vil kunne vere til fare for omgjevnadene, seier professor Liv Helga Dommersnes ved Bergen universitetsmuseum, til NRK.

Det var i april 2012 at ein dugnadsgjeng var maksimalt uheldige. På oppdrag frå kyrkjeverja skulle dei felle eit tre som stod farleg nær den over 1000 år gamle steinkrossen. Treet fall skeivt, og krossen knakk i to.

Usamde med museet

Kommunen vil at krossen skal setjast opp att på same staden som den har stått i fleire hundre år. Men kyrkjeverje Trude Brosvik føler at museet prøver å hindre dei, og at fagmiljøet på universitetet ikkje ser kvalitetane på same måten som kommunen og kyrkja gjer.

– Dei ser ikkje at dette er ein del av ei større kulturarv, og at det er viktig at den kjem opp att på same staden, seier Brosvik.

Håpar på forlik

Kyrkjeleg fellesråd i Gulen har godteke ei bot på 50.000 kroner frå politiet i Hordaland, og det er varsla ei rettssak i mars mellom politiet og fellesrådet, fordi bota ikkje kan betalast før Gulen kommune er viljug til å betale erstatning til universitetsmuseet i Bergen på 650.000 kroner.

Trude Brosvik

UROA: Trude Brosvik

Foto: Steinar Lote / NRK

Men alle partar håpar på eit forlik. For kommunen og fellesrådet er uansett det viktigaste å få krossen opp att der den har stått så lenge folk kan minnast.

– Men så har museet innvendingar mot det, og det må lagast nytt prosjekt på korleis det kan gjerast på ein god måte slik at krossen ikkje blir ytterlegare øydelagt eller utsett for slitasje meir enn den må tole, seier Brosvik.

Vil ikkje ha krossen ute

Men på museet i Bergen er professor Liv Helga Dommersnes langt frå samd med Brosvik. Ho meiner at det er mange gode grunnar til at krossen ikkje kan setjast opp att der den stod før uhellet.

– Vi har jo vore der og gjort ei utgraving av krossfoten, og krossen ligg no i to delar på lager i Gulen. Utgravinga avslørte at den neppe stod på opphavleg stad. Det må kommunen akseptere, resultata av utgravinga var ganske klar, seier Dommersnes.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote