Hopp til innhold

Kranglar om 250 millionar – trekkjer seg i protest

Krangel om kva ein kvart milliard kroner skal brukast til, gjer at tillitsvalde i Stiftinga Norsk Luftambulanse trekkjer seg i protest.

Luftambulanse, øvelse på Torpomoen

HELIKOPTER: Dei gule helikoptera til Norsk Luftambulanse er igjen eigd av ei stifting.

Foto: Per Håkon Solberg / NRK

– Overfor gjevarane kan vi ikkje gå god for at midlane blir brukt rett, seier avgått leiar i regionrådet i vest, Stein Atle Puntervoll.

Stiftinga Norsk Luftambulanse eig Norsk Luftambulanse som driv alle legehelikopterbasane i landet, på oppdrag frå staten.

Årleg samlar stiftinga inn 250 millionar kroner frå vel 400 000 gjevarar.

I år feirar organisasjonen 40- års jubileum. Regionråda skal vere grasrota si røyst i stiftinga. Men no trekkjer rådet for Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane seg.

– Når ikkje vi har forståing for vegvala som leiinga gjer, så forstår eg heller ikkje at dei mange gjevarane har det, seier Puntervoll.

Brukar innsamla midlar på forsking

I ein e-post forklarar dei fem rådsmedlemmene, samt leiar i valkomiteen, kvifor dei trekkjer seg.

Regionrådet meiner dei får ei einsidig rolle med innsamling av pengar. Regionapparatet har blitt fjerna. Arrangement om trafikktryggleik har blitt nedlagde, i fylgje regionrådet er det dei sentrale aktivitetane som blir prioritert.

Dei meiner også at stiftinga ikkje prioriterer nok å utvikle kvalitet i luftambulansetenesta. I staden skal pengane gå til forskingsprosjekt og doktorgradsprogram.

Vi har gått frå å vere medlemer til å bli gjevarar

Marita Aarvik har vore aktiv i 24 år, og har til no vore nestleiar i regionrådet.

– Arbeidet har vore ein livsstil, det er forferdeleg trist.

Marita Aarvik

HEILE REGIONRÅDET TREKKER SEG: Marita Aarvik frå Stad er ei av dei som gir seg i frustrasjon.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Aarvik meiner pengane blir brukt sentralt og til dyr forsking.

– Det har endra seg frå å vere ein medlemsorganisasjon til at vi skulle bli gjevarar. Då vart alle medlemsaktivitetane kutta ut, som til dømes fyrstehjelpskurs. Vi har knapt nok hatt aktivitet i det heile teke.

Styreleiar: Vi har god oppslutning i regionane

Styreleiar i Stiftelsen Norsk Luftambulanse Knut Oscar Fleten seier det er leit at regionrådet trekkjer seg.

– Dei har gjort ein fantastisk jobb, men vi må respektere konklusjonen. Frivilligapparatet vårt er forankra i fem regionar, der region Vest er ein av dei. Vi har ein veldig oppslutning om vegvala frå dei andre fire regionane.

Fleten meiner organisasjonen brukar pengane sine fornuftig:

– Pengane vi samlar inn blir brukt til eitt føremål, nemleg å redde fleire liv. Skal vi berge liv må vi leite etter nye behandlingsmetodar, og kva som er best verktøy. Vi får ikkje til endring utan forsking.

Det handlar om integritet og truverd

Stein Atle Puntervoll meiner Stiftinga Norsk Luftambulanse står framfor eit vegval. Stiftinga skulle bygge opp ei luftambulanseteneste i Noreg, no har staten teke over ansvaret.

– Å trekkje seg frå verva er ein siste utveg. Dette handlar om integritet og truverd, seier han.