Hopp til innhold

Full strid i politiet om kva som er arbeidstid og fritid når dei vert kalla ut på oppdrag

Politiets Fellesforbund og leiinga i Sogn og Fjordane politidistrikt er djupt usamde i korleis dei skal tolke nye reisetidsreglar.

Full strid i politiet - Kjetil Drange og Ronny Iden

USAMDE: Politimeister Ronny Iden meiner at politifolk som blir kalla ut på oppdrag først er på jobb i det ein kjem fram til oppdraget. Kjetil Drange i Politiets Fellesforbund meiner dette er feil.

Foto: Montasje / NRK

– Når vi blir kalla ut på væpna oppdrag, så kan ikkje reisa fram til aksjonen bli rekna som fritid, seier fylkesleiar i Politiets Fellesforbund, Kjetil Drange.

Politimeisteren meiner at politifolk som blir kalla ut på oppdrag først er på jobb i det ein kjem fram til oppdraget og at tida ein brukar på å reise dit er fritid.

– Dette er arbeid

– Det er jo ikkje ein einaste polititenestemann som vil vurdere å tenkje det som fritid når han på vegner av arbeidsgjevar væpnar seg, seier Drange.

Han meiner at anten om dette er eit planlagt oppdrag eller om det er tilfeldig utrykking på eit væpna oppdrag, så er dette eit arbeid.

– Det kan ikkje på nokon måte bli tolka som fritid, seier han.

Usamde om tolkinga

1. april kom nye reisetidsbestemmingar for staten og dermed også politiet. Fagforeininga, Politiets Fellesforbund, og arbeidsgjevarane er i somme politidistrikt særs usamde om tolkinga. Mest usamde er ein i Troms og Sogn og Fjordane.

– Her er det synd at ein innfører ei tolking og praktiserer denne tolkinga før den er endeleg avklara med politidirektoratet, seier Drange.

Fagforeininga er uroa fordi usemje om tolking fører til at ein ikkje får overtidsbetalt. Kor tid ein arbeidsdag startar og sluttar er uklart og skulle noko skje, så får ein ikkje dekka det som arbeidsskade.

Ventar på avklaring

Politimeister Ronny Iden, seier dei no ventar på ei sentral avklaring på kva som er riktig forståing.

– Vi steller oss sjølvsagt til det direktivet som er kome frå politidirektoratet. Fagforeiningane er usamde i ein del fortolkingar, og vi ventar no på ei sentral avklaring frå Politidirektoratet om kva som er rett fortolking av reglane, seier Iden.