Hopp til innhold

«Ein av dei meir fortente fredsprisane»

Unge Venstre-leiar Sveinung Rotevatn frå Eid jublar over at EU får fredsprisen.

Sveinung Rotevatn

POSITIV: Sveinung Rotevatn er svært glad for at EU får fredsprisen.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– Eg tenkjer at dette er ein av dei meir fortente fredsprisane på lenge. Uavhengig av standpunkt til norsk EU-medlemsskap eller ikkje, så bør alle kunne vere samde om at EU har vore eit avgjerande prosjekt for fridom og demokrati i Europa, seier Rotevatn til NRK.

Han meiner at særleg EU si rolle for å sikre stabilitet på Balkan må ha vore avgjerande for at dei no får prisen.

– Seinast i går var eg faktisk på eit møte saman med mellom andre ambassadørane frå Serbia og Bosnia. To land som var i full krig med kvarandre for kort tid sidan, og som begge er heilt samde om EU si avgjerande rolle for å sikre fred og stabil utvikling på Balkan, seier Rotevatn.

Han meiner at det er viktig at uansett om ein er for eller imot EU-medlemskap, så må ein sjå dette i eit historisk perspektiv.

– Dette er ein pris som er rett i eit historisk perspektiv, men den er også rett i høve det som skjer akkurat no i Aust-Europa og på Balkan. Eg trur at mange av dei som er skeptiske til norsk EU-medlemsskap, vil forsøke å gjere det til eit spørsmål om det. Men det meinar eg det ikkje handlar om, seier Rotevatn.