NRK Meny
Normal

– Venstre og Raja bommar så kraftig som mogleg

Det bles opp til full storm mellom Venstre og Senterpartiet om kven som bryr seg mest og minst om by og land etter Abid Raja sitt utspel om at byane blir den store taparen dersom Sp kjem til makta.

I ei årrekke har han vore venstrepolitikar på kommunenivå i Flora, men no byrjar han å tvile på sitt eige parti.

Sjå saka frå Vestlandsrevyen.

Val

– Venstre og Raja bommar så kraftig som mogleg. Det er Venstre som berre vil satse på storbyane, seier stortingsrepresentant for Senterpartiet, Liv Signe Navarsete.

Venstre sin Abid Raja fryktar at storbyane vil bli den store taparen viss Sp kjem til makta. Han meiner eit sterkt Sp vil flå storbyane og heller la pengane blomstre i distrikta.

– Vi har ein ambisiøs togsatsing for storbynære område. Sp går til val på det motsette. Dei skal ta pengane frå storbyområda og gi dei til distrikta, sa Raja til NRK.no.

Navarsete er klar på at Sp satsar nok på jernbane, og legg vekt på at dette er noko dei har gjort fleire gonger.

– Raja har ikkje lest vår alternative nasjonale transportplan. Då Venstre sat i regjering sist var kollektivmidlane til storbyane 70 millionar kroner. Då Senterpartiet hadde samferdsledepartementet vaks det til 1000 millionar, seier ho.

Liv Signe Navarsete

SLÅR BALLEN TILBAKE: Stortingsrepresentant for Senterpartiet, Liv Signe Navarsete, meiner Venstre er i ferd med å bli til eit byparti.

Foto: Bård Siem / NRK

– Fint lite satsing på veg i distrikta

Venstre er i ferd med å bli eit byparti, som heller vil prioritere store og kostbare vegprosjekt i Oslo, meiner Navarsete.

– Vår politikk er kollektiv i byane og vegar i distrikta. Venstra har gløymt det siste. Dei vil ha kollektiv i byane, men vi ser fint lite til satsing på veg i distrikta, seier ho.

I Venstre syner dei til nasjonal transportplan for å vise at dei er eit parti for både by og land.

– Sp lovar meir pengar til alt denne valkampen. Vi har vist i handling at vi prioriterer veg i nasjonal transportplan. I planen har vi funne den gode balansen mellom by og land, og brukt meir pengar på veg enn heile førre transportplan til saman, seier stortingsrepresentant for Venstre i Sogn og Fjordane, Sveinung Rotevatn.

Sveinung Rotevatn

MEINER VENSTRE HAR BETRE BALANSE: Sveinung Rotevatn, stortingsrepresentant for Venstre, meiner partiet har betre balanse mellom by og land enn Sp.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Navarsete meiner Raja og Venstre ber preg av panikk

Partimålingane tyder på at Sp gjer det spesielt godt i distrikta få veker før valet.

– Liv Signe Navarsete reiser land og strand rundt for å fortelje at ho skal kutte kraftig i investering i byane for å auke i distrikta, seier Rotevatn.

Navarsete meiner utspelet til Raja og Venstre ber preg av panikk.

– Venstre har dårlege meiningsmålingar der dei ligg langt under sperregrensa. Er det oss dei skal bruke som hoggestabbe, så får dei jo fram at Senterpartiet har politikk for å ta heile landet i bruk, seier ho.

I ei årrekke har han vore venstrepolitikar på kommunenivå i Flora, men no byrjar han å tvile på sitt eige parti.

Sjå saka frå Vestlandsrevyen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.