Hopp til innhold

Full stopp ved Eras Metall

Eras Metal AS i Høyanger må umiddelbart stoppe ulovlege utslepp av kvikksølv og andre farlege stoff.

Eras Metall i Høyanger.
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det betyr i praksis full stopp i aktiviteten ved verksemda til dei kan reinse utsleppa. SFT vurderer å melde utsleppet til politiet.

Løyve på eitt kilo

Eras Metal AS i Høyanger har løyve til å produsere råstoff
til sinkindustrien fra rødstøv fra sekundær stålindustri. Statens forurensningstilsyn (SFT) har fastsett strenge grenser for bedriftene sine utslepp til luft og vatn.

Verksemda har løyve til å sleppe ut ein kilo kvikksølv til luft, målt som løpende 12 måneders middel.

For høge utslepp

Det var under ein inspeksjon tidlegare i februar at SFT avdekka målerapportar som viste mange gonger høgare utslepp av kvikksølv i 2008 enn grensene i løyvet. SFT ser svært alvorleg på at verksemda ikkje har rapportert om dette.

– Utsleppa av kvikksølv er grove brot på løyvet. Eras Metal må difor stoppe dei ulovlege utsleppa umiddelbart. Det vil i praksis innebere at dei ikkje kan drive videre før dei har installert reinseanlegg, seier avdelingsdirektør Signe Nåmdal i SFT.

Må dokumentere utslepp-stopp

Eras Metal må innan 20. februar i år dokumentere overfor SFT at utsleppa er stoppa. Dersom ikke vil Eras bli ilagt ei tvangsmulkt på 10 000 kroner per døgn. Det er så langt ikkje grunn til å tru at kvikksølvnivået i lufta i Høyanger er på eit nivå som gjev helsefare ved innanding.

SFT vil likevel be Nasjonalt folkehelseinstitutt om å vurdere helsemessige effektar av utsleppet. SFT vil også følgje bedrifta tett med nye kontrollar, og vurderer å melde forholdet til politiet.

Ikkje første utsleppet

Styreleiar i Eras Metal, Christian Landaas, beklagar det som har skjedd og seier at dei vil gjere det som skal til for å komme under utsleppsgrensa. Verksemda med 25 tilsette vert stengt til reinseanlegget er oppgradert.

Det er ikkje første gang at Eras Metall er teken for ulovlege utlsepp. 2007 vart Eras meld for sink-utslepp i februar , medan SFT seinare på året melde dei til politiet etter eit alvorleg utslepp i 2006. Utsleppet inneheldt store blymengder . Verksemda vedtok i januar i år ei bot på 300 000 kroner for dette utsleppet .