Hopp til innhold

Over ti vogntog står bom fast i Sogndalsdalen

Fleire større køyretøy står bom fast på riksveg 5 gjennom Sogndalsdalen. – Innringar fortalde at trafikken står frå Selseng og så langt han ser mot Frudalstunnelen.

Full stogg i Sogndalsdalen

GLATT: Det er svært glatt på riksveg 5 gjennom Sogndalsdalen. Fleire vogntog har fått problem og stengjer i 11-tida vegen.

Foto: Arve Uglum / NRK

Politiet er på plass i Sogndalsdalen for å dirigere trafikken. I Sogndal står også ein patrulje for å stogge fleire store køyretøy å leggje gjennom dalen mot Fjærland.

Like før klokka 11 opplyser politiet at trafikken står ved Selseng. Bilistar blir oppmoda om å ikkje køyre inn i området då det vil gjere berginga vanskelegare. Det er uvisst når vegen opnar att.

– Vi fekk første meldinga litt over klokka ni. Så er det eigentleg blitt verre. Det er bilberging i området, brøytebil og strøbil. No må ein berre byrje ein stad og løyse det, seier Olaug Holme, operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Klokka 14 opplyser Statens vegvesen at vegen er opna for fri ferdsle Sogndalsdalen.

Politiet på staden

Politiet opplyser like før klokka 12 at over ti vogntog stod bom faste i 11-tida. Vegtrafikksentralen seier at brøytebilen har problem med å ta seg fram på riksveg 5.

Tidlegare på dagen opplyste Vegtrafikksentralen om sju større køyretøy som stod fast.

Full stogg i trafikken gjennom Sogndalsdalen

VANSKELEG: Det er vanskelege forhold på riksveg 5 gjennom Sogndalsdalen. – Entreprenør er ute, men det er mykje snø og sanden snør ned etterkvart. Politiet vil ikkje opne før det er blitt betre veggrep, seier Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen.

Foto: Gunnar Jan Myklebust

– Fire trailerar på veg vestover står fast ved Frudalstunnelen. Tre trailerar på veg nedover står også fast. Vegen er stengd for alle no, men vi reknar med å opne for personbilar ganske snart, seier vaktoperatør Arne Stadheim ved Vegtrafikksentralen.

Sklei sidelengs

Politi og Mesta står no på begge sider av Sogndalsdalen for å stogge trafikken på veg mot Sogndalsdalen.

– No handlar det om å få i gang att trafikken, så blir det ei fortløpande vurdering om køyretøya er godt nok skodde eller ikkje, seier Holme.

Tysdag morgon fekk også to polske vogntog problem på sunnmørssida av Stigedalen. Desse kom seg vidare etter å ha lagt på kjettingar.

I Sogndalsdalen er det venta å gå noko tid førvegen er open for alle.

– Det er vanskelege køyreforhold, spesielt lengst nede i dalen. Også brøytebilen har problem med å komme fram. No er både politi, brøytebil og kontraktør i området, men det er vanskeleg å få i gang att, seier Stadheim.

Selseng