Hopp til innhold

Full splid om matvareprisar før Listhaug kjem

Dei siste vekene har landbruks- og matminister Sylvi Listhaug fokusert på at norsk mat er altfor dyr, og gått til angrep på matvarebransjen. Feil, norsk mat er ikkje dyr, meiner forskaren.

Sylvi Listhaug og Ivar Pettersen

UEINIGE: Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug og forskar Ivar Pettersen ser svært ulikt på matvareprisane i Noreg.

Foto: Johan B. Sættem / Geir Olsen (NTB scanpix )

– Vi ser at det har vore ein mindre del av inntekta, på lang sikt svært mykje mindre del, som går til matvarekonsum blant norske forbrukarar. Vi har råd til god mat i Noreg, og vi kan ha råd til høgare matvareprisar, seier Ivar Pettersen.

Han er forskar ved Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking. Vi brukar stadig mindre av inntekta vår på mat, og norsk mat er i høve inntektsnivået ikkje dyr samanlikna med andre land, seier han.

Likevel meiner landbruksminister Sylvi Listhaug frå Frp at maten i Norge er altfor dyr. Mellom anna drog ho nyleg på harrytur til Sverige for å bevise at den norske maten er mykje dyrare enn den utanlandske.

– Listhaug har rett

Frank Willy Djuvik

STØTTAR: Fylkesleiar i Framstegspartiet, Frank Willy Djuvik, støttar partifelle Listhaug i prisdebatten.

Foto: Benedicte Hole / NRK

I dag kjem ministeren til Sogn og Fjordane, der ho mellom anna skal besøkje Nordfjord Kjøtt og skal på gardsbesøk i Hornindal. Og matministeren får støtte av partifelle og fylkesleiar i Framstegspartiet, Frank Willy Djuvik.

– Ja, det er klart. I Noreg har vi dyrast mat i heile Europa. Maten ligg vel femti, seksti prosent over gjennomsnittet for resten av Europa. Vi har veldig dyre matvarer i Noreg, seier Djuvik.

– Når vi ser det hoppet matvarene har fått no i løpet av sumaren, som ligg ti gonger høgare enn det jordbruksoppgjeret har lagt opp til, er det noko som ikkje stemmer, seier han.

Rykande ueinige

Medan vi i 1960 brukte 40 prosent av inntekta vår på mat, brukar vi i dag i underkant av 12 prosent.

I den årlege internasjonale prisundersøkinga på mat, kjem Norge best ut av dei alle dei 10 landa som er med. Medan ein i Norge må jobbe 1 time og 48 minutt for å fylle ei handlekorg med eit bestemt vareutval, må ein for å fylle same handlekorga jobbe 3 timar og 39 minutt i Austerrike, 2 timar og 6 minutt i Tyskland, og 2 timar og 8 minutt i Sverige.

Prisane har auka meir i Noreg enn andre land, men inntektene har auka endå meir samanlikna med dei landa: Slik forklarer forskaren at nordmenn brukar mindre av tida på jobben for å fylle magen.

– Det gjer at vi kjem veldig godt ut når det gjeld kor mange timar vi må jobbe for å fylle ei normal handlekorg.

Djuvik har på ingen måte sans for desse tala.

– Det er jo ein heilt absurd måte å rekne statistikk på, fordi ein mann som har 200 millionar i inntekt, kan sei om eit brød til 20.000 kroner at «oi, det var billeg, fordi det er ein veldig liten andel av inntekta mi.»

– Vi har lite å klage på

Djuvik meiner på si side at det er irrelevant å fokusere på kor lenge ein må jobbe for å fylle handlekorga.

– Igjen: Det er ein heilt meiningslaus og absurd måte å rekne statistikk på, når ein tek utgangspunkt i ei gjennomsnittsinntekt for eit av dei rikaste landa i verda når ein skal definere matvareprisane, seier Framstegsparti-leiaren.

Forskaren er usamd med Djuvik.

– Eg trur det er riktig å seie at vi har veldig lite å klage på i Noreg når det gjeld vår evne til å konsumere og forbruke dei tinga vi ønsker, seier Pettersen.

Struktur og kostnadsnivå grunnen til prisnivået

Dersom ein ser på matvareprisane isolert, utan å ta omsyn det høge inntektsnivået i Norge og kor lenge ein må jobbe for å fylle matkorga, er den norske maten dyr.

Utfordrande klimatiske og geografiske forhold kombinert med småskalastruktur i landbruket, er viktige årsaker til dette, seier Pettersen. Sogn og Fjordane med sine små og brattlende bruk gjev lite effektivt drift, og påverkar dermed prisnivået på maten.

Men det generelt høge norske kostnadsnivået er den viktigaste årsaka til høge norske matvareprisar, meiner Pettersen.

– Nokre grove analysar tilseier at ein tredjedel av forskjellen i matvareprisar mellom Noreg og Danmark og Sverige, skuldast generelt høgt kostnadsnivå på forbrukarprodukt.