Hopp til innhold

Full splid om kven som gjer kva for fylket - høyr den oppildna debatten

Ein skuldar den andre for å ikkje ta vare på interessene til fylket. Deretter skuldar ei anna den første for å kaste stein i glashus. Høyr debatten her.

Alfred Bjørlo, Bjørn Lødemel og Jenny Følling

HØYR DEBATTEN: Bjørn Lødemel gjer ikkje nok for fylket, seier Alfred Bjørlo (V). Eg gjer ein god jobb, seier Bjørn Lødemel (H). Venstre bør feie for eiga dør, seier Jenny Følling (Sp).

Foto: NRK: Montasje

Alfred Bjørlo og Venstre går hardt ut mot stortingsrepresentant Bjørn Lødemel, og meiner han er svak og ikkje får gjennomslag for viktige saker for fylket. Venstre kastar stein i glashus, seier Senterpartiet.

Det var i Firda måndag at Eid-ordførar Bjørlo og fylkesleiar i Venstre, Gunhild Berge Stang gjekk ut mot Bjørn Lødemel. Seinare kasta også Senterpartiet sin Jenny Følling seg på diskusjonen. Her kan du høyre heile debatten.

– Inntektssystemet og jordbruksoppgjeret

Venstre i Sogn og Fjordane meiner Lødemel ikkje gjer nok for fylket.

– Vi er uroa. Vi har bak oss det første året i den nye stortingssesjonen, og den einaste representanten for regjeringspartia frå Sogn og Fjordane er sopass svak, både i gjennomslag og vilje til å stå på for viktige saker for fylket, seier Bjørlo til NRK.no.

Bjørlo hevdar det finst fleire døme på at Lødemel ikkje jobbar for fylket. Han nemner spesifikt jordbruksoppgjeret frå i vår, og regjeringa si omlegging av inntektssystemet, som vart vedteke i Stortinget nyleg.

– Dei må få meine kva dei vil, men eg er heilt ueinig i at eg ikkje står opp for heimfylket mitt. Eg jobbar med mange viktige saker for Sogn og Fjordane på alle nivå, både enkeltsaker og generelt, på ein god måte, svarar Lødemel.

Bør Venstre feie for eiga dør?

Lødemel meiner at kritikken frå Bjørlo og Stang råkar deira eige parti.

– Vi har eit godt samarbeid med Venstre på Stortinget, og mykje av det dei kritiserer er ting som Venstre stemmer for på Stortinget.

– Eg ser på dette som eit markeringsbehov frå Bjørlo og Stang si side, meir enn realitetane i sakene, seier Lødemel.

Fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp) er samd i kritikken mot Lødemel. Men ho er oppgitt over at kritikken kjem frå Venstre, fordi ho meiner Venstre bør feie for eigen dør.

– Her kastar Venstre stein i glashus. Den politikken dei no kritiserer har Venstre stemt for i Stortinget, og sikra stortingsfleirtal for. Dei kunne ha stansa endringane i inntektssystemet og fått eit betre jordbruksoppgjer, seier Følling.