Hopp til innhold

Full splid i legeforeinga i fylket

– Legane ved Nordfjord sjukehus har ikkje lenger tillit til styret i Legeforeningen Sogn og Fjordane.

Førde sentralsjukehus, Nordfjord sjukehus

EID VS FØRDE: Legeforeininga i fylket tek ofte parti med legane ved sentralsjukehuset, meiner Nordfjord-lege.

Foto: NRK

Det seier overlege Henrik Berg ved Nordfjord sjukehus.

Nordfjordlegane meiner legeforeinga kvar gong tek parti for sjukehuset i Førde sine interesser i ulike konflikter.

– Tilliten til sitjande styret eksisterer ikkje, seier Berg.

Lege-utspel sette sinna i kok

Det som har sett sinna i kok hos legane i Nordfjord, er saka der kollegaen Rune Larsen, som er tilsett ved Førde sentralsjukehus, gjekk ut med sterk kritikk av legane i Nordfjord.

I samband med bilulukka på riksveg 15 på Haus i april i år, der to ungdommar omkom, hevda Larsen i eit debattinnlegg på nrk.no mellom anna at legane i Nordfjord braut instruksen, då dei ikkje rykte ut til ulukka.

– Ingen kommentar

Norfjordlegane har reagert sterkt, men legeforeininga har ikkje vore villig til å gå ut med offentleg kritikk av Larsen.

– Dette er dråpen som har fått begeret til å flyte over, seier Berg.

Leiar i legeforeininga i fylket, Tom Guldhav, ønskjer ikkje å kommentere kritikken.

– Dette er ikkje overraskende, for der er ikkje første gong legeforeininga støttar Sentrelasjukehuset i Førde sine intresser, seier Berg.

Krev oppvask

Norfjord-legen meiner nokon må rydde opp.

– Dette må ein eller annan type konsekvens. Den lokale legeforeininga i Sogn og Fjordane gjer som den har gjort tidlegare. Då vi var i media tidlegare med trakassering frå øvste leiing, og ein god del av den skytsen var retta mot administrerande direktør Jon Bolstad, var styret i legeforeininga raskt ute og gav Bolstad si støtte utan å ha snakka med nokon av sine medlemmer, seier Henrik Berg..