Revansjerte cupfinaletapet og auka leiinga i serien

Toppkampen mellom Førde og Nyborg vart ein thriller av dei sjeldne, men heimelaget trekte det lengste strået.

Med 3-0 over Nyborg styrka Førde sine volleyballherrar håpet om serigull.

SJÅ: Mathias Loftesnes var svært skuffa etter cupfinaletapet mot Nyborg. I serieoppgjeret laurdag fekk han revansje. (Foto: Alf Vidar Snæland)

Nyborg trekte det lengste strået i seriemøtet og cupfinalen i Oslo tidlegare i vinter.

Men på heimebane viste Førde-gutane at erkerivalen frå Bergen ikkje er uslåelege, med 3-0 (28-26, 25-18 og 26-24).

– Ekstremt viktig siger. No ser det veldig bra ut. No er det berre å gjere jobben mot Randaberg og dei andre laga, gliser Mathias Loftesnes.

Revansjen

Sogndølen vart kampens mest verdifulle spelar med 19 poeng, to poeng meir enn Marcin Lubiejewskij. Loftesnes hadde eit langt breiare glis enn etter cupfinaletapet mot Nyborg i januar. Då var han frykteleg skuffa over eigen og laget sin innsats.

leia ikkje Førde ein einaste gong . I Førdehuset viste sunnfjord laget både i første og tredje sett styrke då dei snudde jamne sett i eigen favør.

(Artikkelen held fram under biletet)

Førde slo Nyborg

SLO TIL: Tor Kristian Kvammen, Torgeir Dalen, Marcin Lubiejewskijk, Mathias Loftesnes og resten av Førde viste kva dei er gode for mot Nyborg.

Foto: Alf Vidar Snæland

– No har vi forsprang på fire poeng på Nyborg, og eg trur det er første gang på mange år at vi har forsprang på dei, seier Loftesnes og tek høgde for at bergenslaget sigrar i kampen dei har til gode i høve til Førde sine 13 kampar.

– Ubeskriveleg kjensle

Lars Fredrik Tvinde

ANGRE: 14 av Lars Fredrik Tvinde sine poeng i kampen kom i angrep.

Foto: Alf Vidar Snæland

Serien er det Førde sitt håp om 2013 skal bli eit jubelår. Den vann dei sist i 2008. Sidan har Nyborg tatt den eine seriemeisterskapen etter den andre.

Med ein kamp meir spela, leiar Førde serien med seks poeng på erkerivalen. Randaberg splittar dei to laga, men har spelt ein kamp meir og tre poeng mindre enn Førde.

Vi byrjar brukbart, så går det berre betre og betre. Vi ligg under, men jobbar oss opp att. Det er berre ubeskriveleg godt, jublar Lars Fredrik Tvinde.

Eit heilt anna lag

– Dette var fantastisk godt, legg Tvinde til.

Trenar Frank Roger Kalstad var ein annan sunnfjording som var letta etter den svært viktige sigeren. Dei to føregåande kampane denne sesongen har Førde blitt meir eller mindre feia av bana.

– Vi framstår som eit heilt anna lag enn dei to første kampane mot Nyborg. Vi er fokuserte og alle vil. Vi har fokus på å vinne ballar og kva vi skal gjere. Alle er «på» heile vegen, smiler han.

– God situasjon

Sjølv om Førde tok eit langt steg mot seriemeisterskap i dag, vil Kalstad på ingen måte ta noko for gitt.

– Sesongen vidare blir tøff, men vi er i ein god situasjon. Vi sit i førarsetet, men må spele som vi gjorde no, og vi må trene som no. Då kjem også resultata. Vi må forstå at det er slik vi må vere, seier han.

– Vitnar om vilje

Kampen byrja som cupfinalen, med eit bergenslag i føringa. Anført av Marcin Lubiejwskij snudde heimelaget kampen og drog i land det første settet.

Sidan måtte bergenslaget vente til tredjesettet før dei på alvor truga sigeren. Både i første og tredje sett måtte oppgjeret ut i ekstraballar.

– Det er herlig. Det er nydeleg å slå Nyborg att. Tidlegare er vi blitt feia av bana, i dag var det jamt. Og siste settet vitnar om vilje, avsluttar Kalstad.