Full pott til Førde i Fjordhest-NM

Førde tok tre av tre moglege NM-gull under NM fjordhest i Drammen denne veka. Emma Nyløy (23) frå Luster og «Sofin» tok gull i seniorklassen, Silje Indrebø (18) frå Førde og «Gråa» tok gullmedalje i juniorklassen og i NM lag tok dei begge gullet for Førde køyre- og rideklubb saman med Dorthea Solheim (17) frå Utvik og hesten «Haukfell». Nyløy tok dessutan sigeren i greinmeisterskapet i køyring for tredje året på rad. Leiar i Førde køyre- og rideklubb, Kristine Hafstad er stolt og rørt over dei enorme prestasjonane. – Vår klubb er ikkje så stor, men gang på gang viser vi igjen både i toppen og høgt oppe på resultatlistene på NM Fjordhest. Ho fortel at jentene er svært dedikerte og set seg klare mål for trening gjennom heile året. Hafstad rosar også støtteapparatet, som er ekstra viktig på konkurransedagen. – Vi har ikkje landa etter gulljubelen på NM endå, fortel Hafstad til NRK. Neste år skal Fjordhest-NM arrangerast i Førde.

NM Fjordhest 2019
Foto: Ingvild Rydjord Hansen / Norges Fjordhestlag