Hopp til innhold

Full opprydding på asylmottak etter biletavsløring

Etter at ein ungdomspolitikar i AUF avslørte omfattande mangelfullt vedlikehald på Førde mottakssenter vart bebuarane sette i arbeid med både målarkosten og vaskekosten. No varslar både UDI og Førde kommune tilsyn hos mottaket.

Ein Ungdomspolitikar i AUF meiner buforholda på Førde mottakssenter er elendige. Han tok bilete av det han såg, og no varslar både UDI og Førde kommune tilsyn hos mottaket.

– Eg hadde høyrt at det skulle vere dårleg, men då eg kom fekk eg sjå ting som var dårlegare enn eg trudde, seier Jostein Vedvik, som er leiar i Førde AUF.

Det har gått to månader sidan han første gong besøkte mottaket. Etter besøket på asylmottaket bestemte ungdomspolitikaren seg for å dokumentere forholda der 138 asylsøkarar bur.

Jostein Vedvik

REAGERER: Jostein Vedvik er leiar for AUF i Førde.

Foto: Sondre Dalaker Per Kristian Grimeland / NRK

Det var ikkje kjekt å gå rundt der. Det var luftekanalar fulle av støv, masser av svarte muggflekker på karmane rundt vindauga og i tak og vegger, seier Vedvik.

Bildeserien, først publisert i avisa Firda i helga, har ført til at både Førde kommune, og UDI no varslar tilsyn med mottaket.

– Ut frå bileta så ser vi at vi må ha ein runde på bygningsmassen og sjå korleis det faktisk ser ut, seier Sissel Mehammer, som er assisterande regiondirektør i UDI Vest.

Full opprydding

Men i dag, alt før det varsla tilsynet, var brått heile mottaket sett i arbeid. Vedvik er likevel ikkje overtydd.

– Her har dei malt over, men eg har biletvis som syner korleis det såg ut her før, seier Vedvik, og syner fram bilete på mobilen frå det same baderommet, der flekkene i taket viser tydleg.

Vidar Torheim

RYDDAR OPP: Vidar Torheim, er driftsdirektør for Hero Norge AS.

Foto: Rolf Jakobsen/NRK

– Her har det vore gjort ein grundig rundvask, og vi har hatt fokus på det som er blitt avdekka, seier Vidar Torheim, som er driftsdirektør for Hero Norge AS.

– Eg tykkjer det blir feil at det først når dei er blitt avslørte at dei ryddar opp. Dette burde vore gjort for lenge sidan, seier Vedvik.

– Skulle vore gjort tidlegare

I Førde er ungdomspolitikaren oppteken av at dei som kjem hit som flyktningar blir tatt i mot på ein god måte.

– Når folk kjem frå naud, så må vi gi dei varme. Dei må sleppe å kome til forhold der dei ikkje ynskjer å bu, seier Vedvik.

Sissel Mehammer, UDI

VIL HA TILSYN: Sissel Mehammer, som er assisterande regiondirektør i UDI Vest.

Foto: Bård Siem / NRK

Denne veka kjem UDI på sitt varsla tilsyn.

– Det vanlege er at vi skriv ein rapport etter vi har vore på tilsyn, og der vi peikar på dei funna vi gjer. Vi kan og komme med pålegg til driftsoperatøren, dersom vi ser noko med bygningsmassen som vi meiner må utbetrast, seier Mehammer.