NRK Meny

Fyrte laus mot gatelykta – i fylla

Då natta gjekk mot dag, lada den fulle sunnfjordingen rifla og fyrte laus mot gatelykta.

Oddleif Løseth
Journalist

No må mannen betale 6.000 kroner i bot og 4.000 kroner i sakskostnader for dei tre skota både påtalemakta og Sogn og Fjordane tingrett meinte han fyrte av mot gatelyset i eit bustadfelt i Flora.

Skota vart løyste etter ei fuktig natt i godt lag i oktober 2015. Mannen fekk først eit førelegg, men nekta å godta dette. Dermed enda saka i tingretten.

Sjølv nekta mannen straffskuld, og meinte skota kunne vore fyrte av frå gateplan eller av andre gjester i huset.

Men retten fann ikkje grunn til å tvile på etterforskingsarbeidet til politiet. Bana til dei tre kulene peika rett mot bustaden til mannen. Kripos rekonstruerte kulebana med laser, og kom då fram til kva vindauge skota var løyste frå. Avstanden, meinte dei, var så kort at feilmarginen var liten.

Gamal sak, halvert bot

Retten fann med det mannen skuldig i å ha sett både eige og andre sine liv og helse i fare.

Påtalemakta la ned påstand om 12.000 kroner i bot, men retten meinte det var formildande at saka var blitt gammal og har lege lenge hos politiet.

Det gjekk tre månader frå hendinga fann stad til Kripos hadde rapporten sin ferdig. Deretter vart saka liggande hos politiet til førelegget vart skrive ut i august 2016. Saka vart så liggande til januar i år, og først i april vart saka send til retten.

– Med tilvising til den tida som har gått, finn retten at bota bør halverast, skriv tingrettsdommar Gunnhild Grove.

Påtalemakta la ned påstand om inndraging av tre våpen som politiet fann i våpenskåpet til mannen. Dei fekk medhald i kravet om våpenet som vart nytta i hendinga. Politiet fekk heller ikkje frådømt mannen retten til å eige våpen.

Navnestrid i Sunnfjord
2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar