Full mann på countrytreff og rådhusklatrarar i Førde

Det har vore ei roleg natt i fylket, men litt har likevel skjedd. Mellom anna har tre personar klatra opp på taket til rådhuset i Førde midt på natta.

Politi
Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

– Vi fann dei på taket til rådhuset, og har varsla Førde kommune om det. Personinformasjon vart notert, og vi følgjer også saka vidare, seier operasjonsleiar Espen Gulliksen ved Vest politidistrikt i Florø.

Elles var ein mann som var deltakar på countrytreffet på Breim så full at politiet laut køyre han til Førde og setje han i fyllearresten.

I Lærdal skal ein person ha vorte sparka ned på ein kafe i løpet av natta. Gjerningspersonen har reist frå staden, men skal melde seg til politiet over helga.