Hopp til innhold

Full lakseluskrangel

Det er full krangel om kven som har skulda for at det har oppstått resistente lakselus ved fleire oppdrettsanlegg i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Laks skadd av lakselus
Foto: Alv Arne Lyse / NJFF

Sjølv om Mattilsynet har ansvaret for å ha kontroller, meiner regiondirektør Roald Vaage at ansvaret ligg hos dei som tillet så store oppdrettanlegg.

- Konsesjonane blir gitt av fiskeridepartementet og fiskeridirektoratet, og det har vore lagt alt for lite vekt på det å behandle sjuk fisk og ta vare på fisken, seier han.

- Mattilsynet kan setje ned foten

Avdelingsdirektør Jens Kristian Holm i Fiskeridirektoratet seier det ikkje er dei som kan gjere noko med situasjonen.

- Hvis mattilsynet meiner at einingane eller lokalitetane er for store, har dei full anledning til å setje foten ned, seier han.

Direktoratet gjev berre konsesjonar ut frå gjeldande regelverk, seier Holm. Men han er samd i at mange anlegg har vakse seg for store til å drive effektiv avlusing av laksen.

- Etter min oppfatning er det eit ganske alvorleg problem.

- Har vi eit mangelfullt regelverk ?

- Det er departementet som fastsetter regelverket.

- Ikkje noko gale med reglane

Illustrasjon oppdrettsanlegg

Illustrasjon oppdrettsanlegg

Foto: Villa

Yngve Torgersen er avdelingsdirektør i kyst- og fiskeridepartementet, og meiner at det slett ikkje er noko gale med reglane for kor store anlegga kan vere.

- Mange oppdrettarar klarar å handtere desse merdane på ein god måte, og da er det heilt greitt, seier han.

Om det oppstår epidemiar har andre ansvaret, meiner avdelingsdirektøren i departementet.

- Det er mattilsynet som fører tilsyn med at regelverket vert følgt.

- Er det aktuelt å redusere størrelsen på kva merdar som er lov ?

- I dag er det ikkje det, men dette må vi vurdere fortløpande.