Både i Flora og Bremanger reagerer dei kraftig på skuldingar om avtalebrot. Ordførar i Flora, Bente Frøyen Steindal seier dei ikkje har tenkt å gi opp kampen for nærsjukehuset.
- Dette tyder på at det viktigaste for Helse Førde er å verte kvitt nærsjukehuset vårt. Det har vi ikkje tenkt å finne oss i. Det er absolutt bruk for sjukehuset.
- Kommunane si skuld
Treparts-avtalen mellom kommunane Flora, Bremanger og Helse Førde har ikkje fungert slik den var tenkt. Eller så tolkar partane avtalen heilt ulikt. Styreleiar i Helse Førde Clara Øberg var heilt klar på kven som hadde skulda etter styremøtet torsdag. På dette møtet bad styret administrasjonen om å førebu ei sak om nedlegging av sengeposten ved nærsjukehuset i Florø, sidan kommunane ikkje lenger vil betale.
- Det er dei som heilt klart ikkje har oppfyllt sin del av avtalen, seier Øberg.
- Har ikkje brote avtalen
I Bremanger har kommunestyret gjort vedtak om at dei ikkje vil betale 1,5 millionar kroner årleg til drifta av 14 sengepostar ved nærsjukehuset i Florø. Varaordførar Isak Berle vil ikkje vedgå at dei har brote nokon avtale.
- Avtalen var at vi skulle betale etter den bruken vi hadde.
- Bryr seg ikkje
Innen utgangen av 2007 må Helse Førde spare 60 milionar kroner. Det er bakgrunnen for alt bråket i helseføretaket. Frøyen Steindal meiner det som no skjer i Helse Førde ikkje har rot i røyndomen.
- Eg synest det er tvilsamt at verken styreleiaren eller Jon Bolstad ikkje har hatt interesse av å ta seg ein tur ut på nærsjukehuset for å få informasjon og sjå korleis det fungerer. Det fungerer faktisk godt.
Trepartsavtalen har ein solidaritetsdel i seg. Ifølgje styreleiar Clara Øberg inneber det at Flora burde ta ansvar for at Bremanger ikkje har følgt opp sin del, men det meiner Flora-ordføraren blir heilt feil.
- Hovudlaust av Dale
Men også forkjemparar for sentralsjukehuset i Førde kastar seg no inn i kampen om sjukehuskronene. Ingrid Astor, tidlegare fylkestingsmedlem frå Høgre, reagerer sterkt på at kommunelege i Florø, Jan Helge Dale torsdag tok til orde for at kutta burde kome i Førde.
- Vi veit at han er patriot for Florø. Men dette er hovudlaust.
- Kutt i Førde
Dale meiner at pengane bør sparast inn ved sentralsjukehuset og slett ikkje ved å kutte sengepostar ved nærsjukehuset i Florø.
- Vi må sjå på dei stadene der det vert brukt pengar. Det er ikkje hjelp i å kutte i små avdelingar. Vi må sjå der milliarden går, og kalle ein spade for ein spade, og den heiter sentralsjukehuset.
- Viktig å verne sentralsjukehuset
Men dette likar medlem i aksjonsgruppa for sentralsjukehuset, Ingrid Astor, svært dårleg
- Det nyttar ikkje å ta frå sentralsjukehuset, der ein har kjempa fram viktige funksjonar for å få eit fullverdig sentralsjukehus.
No manar Astor til felles front mot dei som sit på pengesekken. Særleg krev ho at statsråd Sylvia Brustad kjem på banen.
- Oppgåva er umogeleg. Det einaste vi kan gjere er å gå til departementet og be dei ordne opp, slik dei har lova. Det nyttar ikkje å seie at vi skal oppretthalde tilbod utan at det følgjer pengar med.