Hopp til innhold

Full krig om matvarekundane i Sogn

Berre i løpet av den siste veka har det opna to store, nye matvarebutikkar i Sogndal. Kundane er ikkje trygge på at alle matbutikkane vil overleve.

Coop Xtra Sogndal

STOR BUTIKK: Coop Extra opnar i det nye Sjøkanten-senteret saman med mellom anna Biltema, Møbelringen og Jysk.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Både Rema 1000 og Coop Vest satsar no stor på å få stadig fleire kundar til regionsenteret i Sogn. Men dei som skal sørgje for klingande mynt i kassa er ikkje like sikre på at alle butikkane kan halde dørene opne så alt for lenge.

Fleire av dei NRK snakka med i Sogndal i dag var skeptiske.

– Eg snakka nett med ein mann her, og då snakka vi om dette, om alle kan overleve. Eg trur ikkje det, seier ho og får støtte frå sidemannen.

Opna ny kjempebutikk

Coop Vest har nyleg opna ein Coop Extra butikk på over 2000 kvadratmeter i Sogndal. Her kan salssjef Rune Økland stolt vise til at dei har litt over 5500 forskjellige varer til lave prisar.

Sjølv om fleire av kundane er skeptiske er han overtydd om at det faktisk er plass til storsatsinga på daglegvarer i Sogndal.

– Det kostar når vi no må inn med masse investeringar, og då går innteninga litt ned. Men det viktigaste for kundane er at dei har gode tidsriktige butikkar og skal vi få det til må vi investere, seier Økland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rema 1000 Stedje Sogndal

STOR AKTØR: Rema 1000-butikken på Stedje i Sogndal er ein av dei matvareforretningane i landet som omset mest per kvadratmeter.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ikkje i tvil om at satsinga er rett

Berre den siste veka har det blitt opna nær 4000 nye kvadratmeter med daglegvarebutikk i Sogndal i regi av Coop Vest og Rema 1000.

Sistnemnde opna butikk nummer to i sentrum og Rema-kjøpmann Jan Knut Einarsen har ingen problem med å forsvare investeringane.

– Eg trur det vi gjer er riktig. Det er eg ikkje i tvil om, seier Einarsen.

Men samtidig legg han ikkje skjul på at han trur at det blir ein tøff konkurranse mellom dei sju matforretningane i Sogndal framover.

– Marknaden er der vel eigentleg, men det kan vere nokre som får det tøft.

– Dess større butikk du har, dess meir varer må du ha og då er det meir som kan gå ut på dato, seier han.

Slik vil dei bidra til vidare vekst

Driftssjef Ronny Sørbotten i Coop Vest meiner at det er grunnlag for storsatsinga dei har gjort.

– Med den eventyrlege utviklinga som Sogndal har hatt på detaljhandel så er det viktig at det kjem inn nye konsept slik at vi kan vere med å bidra til at veksten held fram, seier han.

Rune Økland som er salssjef for Coop Vest seier det blir opp til kundane å bestemme om alle butikkane overlever.

– Vi skal gjere vårt beste for at vi blir ein god Coop Extra butikk her i Sogndal, og at vi tilfredsstiller kundane og medlemmene våre, seier han og legg til:

– Vi ønskjer konkurransen velkommen og så skal vi jobbe for å vere best, seier han.

Skeptiske kundar

Så får ein sjå til slutt om det er butikkeigarane eller kundane som får rett.

– Dei må få lov å byggje, men dei må drive butikkane og, seier ein mann NRK snakka med i sentrum.

– Det er ikkje hjelp i butikkar om det ikkje er folk her, seier ein annan.

Økland Sørbotten

COOP-SJEFAR: Ronny Sørbotten og Rune Økland i Coop Vest er særs nøgde med satsinga på Coop Extra i Sogndal sentrum.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK