NRK Meny
Normal

Full krangel om turnusane

Heilt sidan 2009 har usemja om turnusplanlegging og tolkinga av lova skapt konflikter i Helse Førde

sykepleier

TURNUSKONFLIKT: I eit og eit halvt år har turnusordningar skapt sur arbeidsstemning i Helse Førde.

Foto: Wiik, Eirill / SCANPIX

– Vi blir rana for fritid vi skulle hatt, seier sjukepleiar og tidlegare tillitsvald, Arthur Norevik til avisa Firda.

Den kompliserte konflikta handlar om kva system som skal brukast i turnusplanlegginga.

Helse Førde ønskjer å drive langsiktig planlegging av vakter og fritid. Sjukepleiarforbundet meiner ein rullerande grunnturnus er meir rettvis.

– Dei vil ha høve til å flytte på oss utan å kompensere for fridagar som vi ville fått etter ein rullerande turnus. Det er nokså umotiverande, og ingen god personalpolitikk, seier Norevik til avisa.

Komplisert konflikt

Usemja førte til at sjukepleiarforbundet ikkje lenger ville la sine tillitsvalde godkjenne dei såkalla hjelpeturnusane. Desse regulerer vaktfordelinga i feriar og høghelgar som jul og påske.

Med tillitsvaldes aksept kunne ein gjennomsnittsberekne og "samle" arbeid og fri, sjølv om arbeidsmiljølova seier at ein tilsett som jobbar ein raud dag skal ha fri den neste.

Konflikta har ført til at tillitsmannsgodkjenninga av turnusane har blitt erstatta av individuelle avtalar med tilsette som ønskjer dette.

Helse Førde med eigen praksis

Helse Førde si tokling av lova inneber mellom anna at raude fridagar kan blir flytta til vanlege dagar. Dermed blir ikkje jobbing på ein raud dag nødvendigvis kompensert med fri på ein annan raud dag, men med fri på ein kvardag.

– Så lenge det er usemje med sjukepleiar forbundet, følgjer vi vår tolking av lov- og avtaleverket. Vi er ikkje ute etter å vere vrange, men vi må ha turnusar som sikrar nok folk og rett kompetanse, seier seksjonsleiar Oddny Sønnesyn i Helse Førde til Firda.

LES OGSÅ:

No ventar både leiing og tilsette på at arbeidsgjevarorganisasjonen Spekter og Norsk Sykepleierforbund skal finne ei løysing og få slutt på den bitre konflikta.