NRK Meny
Normal

Her møtes dei kranglande museumsdirektørane ansikt til ansikt

FØRDE (NRK): Stemninga mellom museumsdirektørane i Sogn og Fjordane er alt anna enn god og i dag møttest dei ansikt til ansikt. Fem av seks direktørar kjem med hard kritikk mot toppsjefen.

Toppleiinga ved Musea i Sogn og Fjordane

KONFLIKT: Administrerande direktør Kjartan Aa Berge ved Musea i Sogn og Fjordane (til venstre) ved starten av møtet han hadde med avdelingsdirektørane i Førde i dag. Avdelingsdirektør Janne Leithe ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum (ståande til høgre) er misnøgd med Aa Berge si leiing.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Dei fem avdelingsdirektørane har skrive under på eit brev der dei kjem med sterk kritikk av toppsjefen ved Musea i Sogn og Fjordane, Kjartan Aa Berge.

NRK møtte ein hardt pressa Aa Berge i samband med at heile leiinga ved Musea i Sogn og Fjordane var samla til møte i Førde i tidlegare dag. Han nekta å kommentere kritikken mot seg.

Tidlegare har Aa Berge uttalt at han verken vil eller kan uttale seg om personalsaker i media. Den administrerande direktøren for musea i fylket var heilt tydleg på at alle spørsmål skal rettast til styreleiar Laura Kvamme.

Rett før påske vart det gjennom avisa Firda kjent at avdelingsdirektørane Janne Leithe ved Sogn og Fjordane kunstmuseum i Førde og Gunnhild Systad ved Sunnfjord Museum i Movika hadde sagt opp i protest mot måten Musea i Sogn og Fjordane blir leia på.

Kjartan Aa Berge

FÅR KRITIKK: Administrerande direktør Kjartan Aa Berge ved Musea i Sogn og Fjordane var ikkje villig til å snakke med NRK i samband med møtet i Førde i dag.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det er veldig leit at to dyktige avdelingsdirektørar har sagt opp. Begge har gjort ein kjempejobb for Musea i Sogn og Fjordane. Vi tek no tak i dette for å finne ut kva som ligg bak. Styret har sett i gang ein prosess, seier Kvamme. Ut over dette vil ho ikkje kommentere saka.

Direkte dialog med styret

Etter det NRK kjenner til er eit av krava til fem av dei seks avdelingsdirektørane at dei skal få direkte dialog med styret. Dette kravet vil bli innfridd.

I løpet av komande fredag og komande tysdag skal styreleiar Laura Kvamme og nestleiar i styret, Olve Grotle, ha samtalar med kvar av dei fem avdelingsdirektørane. På den måten vil styret få best mogleg innblikk i kva dei fem avdelingsdirektørane er misnøgde med.

Etter det NRK kjenner går kritikken mot Aa Berge på at leiinga hans er mangelfull og at den ber preg av sviktande involvering og sviktande informasjon.

Janne Kathrine Leithe

MISNØGD: Avdelingsdirektør Janne Leithe ved Sogn og Fjordane kunstmuseum på veg inn til møtet med sjefen sin, Kjartan Aa Berge, som ho er så misnøgd med at ho har sagt opp stillinga si.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Når styret blir samla til møte på Sunnfjord Musum den 27. april, skal medlemmene stake ut kursen for korleis dei skal prøve å løyse krisa.

Styreleiar Kvamme ønskjer ikkje svare på om det kan vere aktuelt å leige inn ekstern hjelp som eit bidrag for å løyse saka.

Vegopning på Bergum i Førde kommune