Hopp til innhold

Full klaff og gull til Thomas Mardal i diskos

Thomas Mardal frå Sandane og Inga Kårstad Skaar frå Førde tok begge gull under UM i friidrett på Lillestrøm i dag.

Thomas Mardal kastar diskos

SMELTE TIL: Thomas Mardal tok gull i diskos.

Foto: Thore-Erik Thoresen

UM i friidrett går over tre dagar og er for utøvarar mellom 15 og 19 år. Fleire av dei beste i landet er samla. To av dei kjem frå Sogn og Fjordane.

På den siste dagen av UM i friidrett på Lillestrøm henta utøvarane frå fylket heim tre medaljar.

Inga Kårstad Skaar, Førde IL sette personleg rekord og vann klart på 3000 meter i J16. Tida er også ei forbetring av hennar eigen krinsaldersrekord for J 16 som ho sette tidlegare i sesongen.

Thomas Mardal, Sandane T & IL låg på 2.-plass i diskos til siste omgang men fekk endeleg klaff og sikra suverent gull med 56,02. Det er like bak hans eigen personlege rekord på 56,26 sett under jr NM på Byrkjelo.

På 200m i J 17 sikra Idun Hatlemark, Florø T & IF bronse på 200m med 27,05,

Totalt fekk utøvarane frå fylket 15 medaljar i meisterskapen, med fem i kvar valør.