Hopp til innhold

Full Idolfest i Måløy - 700 samla i Nordfjordhallen

I Vågsøy herskar Idolfeberen i kveld. Over 700 personar har tatt turen til Nordfjordhallen for å få med finalen der sambygdingen Jørn Trollebø Kvalheim deltek.

Idolfeber i Måløy

IDOLFEBEREN: Nordfjordhallen fullpakka av forventningsfulle Vågsøyværingar.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Eg syns det er så kjekt at så mange har kome for å heie på Jørn. Berre det å kjenne at folk er like gira som vi er det er skikkeleg kjekt, seier søskenbarnet Margrethe Eggesbø Kvalheim.

Når Jørn Trollebø Kvalheim går på scena i kveld veit han at heile heimkommunen står bak han.

– Vi er kjempeglade. Vi er stolte over at Vågsøy verkeleg støttar opp. Eg veit og det kjem folk frå nabokommunane også for å vere med på dette i kveld, seier ein tydleg stolt ordførar, Morten Hagen (H).

Ingen mobilar skal gå tomme

Morten Hagen

RØYSTAR PÅ JØRN: Ordførar Morten Hagen (H) stiller med opplada mobil og romsleg mobilbudsjett

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Han forsikrar at verken han eller dei mange frivillige som har stilt opp for å få dette stand overlet noko til tilfeldigheitene.

– Eg har lada opp mobilen og har med ladar. Vi har også lagt ut ladepunkt dersom nokon skulle gå tomme, så eg reknar med at det skal gå bra.

Allereie før finalen er i gang er stemninga i taket i Nordfjordhallen.

– No har vi samla over 700 personar i Nordfjordhallen, her er kjempestemning. Det er full musikk og det er kjempejubel heile tida.

I kveld er det ikkje tak på mobilbudsjettet

– Det er ingen budsjett i dag, i dag stemmer vi for alle pengane seier Margrethe Eggesbø Kvalheim.

Slekta til Idol-Jørn

STØTTAR JØRN: Familien på plass i Norfjordhallen for å støtte Jørn i Idol-finalen

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Korleis trur du han Jørn har det no?

– Eg trur han har det bra. Eg såg eit intervju med han tidlegare i dag, då var han ikkje nervøs då berre gleda han seg.

Rebecca Kvalheim Rae, også eit søskenbarn av Jørn trur han vinn i kveld

– Å. ja sjølvsagt gjer han det. Han er jo heilt fantastisk. Han er ikkje berre flink å synge, han er flink til å skape stemning også.