Hopp til innhold

Ein litt annleis fotballkveld enn i andre heimar

Heime i stova til Rinus og Carla Adrichem vert VM feira meir enn hjå dei fleste andre. Til kveldens berg og dalbane av kjensler var stova stappfull.

Vi er i stova til Rinus Adrichem og kona Carla Adrichem under Nederland-Chile i fotball-VM 2014. Kampen står om å verte gruppevinnar.

Stemninga vart betre og betre etter kvart som kampen skreid fram og Nederland avgjorde mot slutten. Foto og redigering: Heidi Lise Bakke

På kampdagen må alt vere oransje. Dei som ikkje kjem i oransje får ikkje kome inn. Men familien gjorde heldigvis eit unntak for reporteren og fotografen frå NRK som hadde teke turen til Leirgulen i Bremanger.

Totalt var mellom 20 og 25 personar samla til fest, halvparten frå Nederland og halvparten frå Noreg.

Dei serverte fisk, sild og hollandsk chilli con carne. Laga i oransje steikepanne, sjølvsagt. Eit utval drikkevarer var også handla inn i høve Nederland-Chile.

– Vi må ha det litt moro med kampen når Nederland er i VM! Då vil vi feire. Det er moro når vi samlast slik, seier Rinus Adrichem.

Forsiktig optimist i pausen

Rinus Adrichem

DETALJAR: Alle detaljar må vere på plass før kamp, og alle detaljar må vere oransje. Men Rinus Adrichem lét heldigvis NRK få vere med inn i stova, til trass for feil farge på kleda.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Førre VM tapte Nederland finalen mot Spania 1–0. Finaletap 2–1 vart det også mot Vest-Tyskland i 1974, og 3–1 etter ekstraomgangar mot Argentina i 1978.

Før kampen måndag kveld var Nederland allereie klare for 8.-delsfinale. Den siste kampen i gruppespelet stod om å verte gruppevinnar.

– Stemninga er veldig bra, men kampen er ikkje så bra. Chile er litt betre enn Nederland, sa Rinus Adrichem i pausen.

I pausen vurderte han sjansen til Nederland til å vinne VM som 50 til 60 prosent.

– Det er fleire gode lag: Brasil, Argentina, Tyskland og Frankrike er veldig gode. Dersom spelarane held seg skadefrie kjem vi kanskje til kvartfinale eller semifinale. Vi får sjå, sa han.

Pipa fekk ein annan låt etter kampen.

(Artikkelen held fram under videoen)

Distriktsnyheter Vestlandsrevyen. TV

Fantastisk stemning i stova, til trass for 0-0 til pause. Reporter: Stine Kyrkjebø Johansen. Foto: Heidi Lise Bakke.

Superoptimist etter kampen

Då var det berre glede og optimisme å spore.

– Dette er kjempebra. Alle er glade, både hollendarar og nordmenn. Vi plar vere betre i andre omgang, og det var vi i dag også, seier Adrichem.

Innbytarane Leroy Fer og Memphis Depay avgjorde kampen og gav Nederland sigeren 2–0.

Dersom Brasil vinn meir enn Mexico i siste kamp i gruppe A, slepp Nederland difor å møte heimefavorittane i 8.-delsfinalen. Det tek Rinus Adrichem for gitt.

– Eg er glad vi ikkje må møte Brasil enno. No har vi gode sjansar for å hamne i finalen.

Ikkje berre det, han trur no på det første VM-gullet i historia.

– Denne gongen skal vi klare det. Her i stova vert det fest kvar kamp.

Rinus Adrichem

KVAR KAMP: Rinus Adrichem lovar fest til kvar kamp i VM. Og då vert det pynta både inne og ute.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK