NRK Meny
Normal

Full etterforsking etter hotellbrann

Etterforskinga held fram for fullt etter brannen i Selje Hotel. Politiet i Selje får hjelp frå Kripos til undersøkingar på branntomta og til avhøyr.

Brann i Selje

KRIPOS I SELJE: På laurdag kom første mannskap frå Kripos til Selje og til brannskadde Selje Hotel.

Foto: ASGEIR HEIMDAL REKSNES / NRK

– Vi har fått bistand frå Kripos av ein taktisk etterforskningsleiar, så då set vi i gong med avhøyr for fullt. I dag kjem det bistand frå Kripos til den tekniske etterforskinga på brannstaden, seier regionlensmann Tormod Hvattum.

Allereie på laurdag var Kripos i Selje etter brannen i Selje Hotel natt til fredag.

– Dette var ein stor og omfattande brann. Vi vil ha hjelp frå Kripos for å gjere ein skikkeleg og grundig jobb, seier Hvattum.

Politiet gjennomførte ti avhøyr i førre veke, mellom anna av brannmannskapet. Hvattum seier dei vil avhøyre eigaren av Selje Hotel denne veka.

Regionlensmann Tormod Hvattum

ETTERFORSKING: Politiet meiner brannen starta i eit hotellrom i underetasjen på hotellet, men etterforskinga for å få kartlagt årsaka heilt sikker held fram for fullt, seier lensmann Tormod Hvattum.

Foto: HARALD KOLSETH / NRK

– Eigar og andre vitne vil bli avhøyrt, men og alle andre som har opplysningar skal vi snakke med.

Var ikkje kopla til alarmsentralen

Hotelleigar Aydin Ackay var i Stockholm då det tok til å brenne i det vinterstengde hotellet han kjøpte for tre år sidan.

Det var ein nabo til hotellet som melde frå om brannen, men Ackay kunne ikkje seie om brannvarslingsanlegget var kopla direkte opp mot alarmsentralen.

– No veit eg ikkje om vårt system på hotellet går direkte til alarmsentralen. Det veit eg ikkje om vi hadde, seier Ackay.

Alarmsentralen fortel at Selje Hotel ikkje var kopla til deira sentral.

– Det er ikkje noko direkte krav til at hotell må vere knytt til alarmsentralen, seier Terje Brandsøy som er leiar ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.