Det var ein søndag morgon no i sommar mellom Kråkenes i Vågsøy og Runderheim i Selje. Mannen skulle på fisketur i ytre Nordfjord med den 30 fot lange båten sin. Ut på dagen starta han å drikke - først eit par boksar øl - og etter kvart vodka.
Då han skulle heim att om kvelden, hadde han fått i seg så pass store mengder av spriten at han hadde fått seg eit problem: Han kjente seg rett og slett ikkje att.
Ringte politiet
Når ein er på sjøen, er full, og heller ikkje forstår kor ein er - så er gode råd dyre. Men mannen i 60-åra visste korleis han skulle løyse problemet sitt: Han ringte like godt til politiet og spurte etter vegen.
Politimannen som tok i mot telefonen - forstod relativt kjapt at mannen hadde problem med meir enn stadsansen. Hobbyfiskaren framstod som det han var - kraftig rusa - og han fekk klar beskjed om å ikkje drikke ein centiliter meir før politiet hadde kome fram til han.
Drakk siste resten
Etter kvart fann han vegen til land sjølv - og steig i land i ni-tida om kvelden. Trass i det gode rådet frå politiet så drakk han den siste centimeteren som var att på flaska. Utpå kvelden kom politiet. Dei tok han med for å få tatt ei blodprøve klokka halv to om natta - og den viste 2,53 i promille.
Ikkje bra, meinte politiet - og det tykkjer verken mannen sjølv eller Nordfjord tingrett heller. Hobbyfiskaren tilstod absolutt alt - og retten dømde han til 15 dagars fengsel.