NRK Meny
Normal

Store styrkar vart kalla ut då det byrja brenne i byggefelt i Florø

Ein nabo såg røyken frå bustadhuset og fekk folk ut av leiligheita i byggefeltet.

Brann i Florø

VARME: Brannmannskap måtte fjerne takstein for å komme til med vatn.

Foto: Truls Kleiven / NRK

SISTE: Rundt klokka 1840 melder politiet at Brannmannskap har kontroll på staden. Men det blir framleis drive ettersløkking.

Det var klokka 1726 at Alarmsentralen fekk melding om brannen. I og med brannen vart meldt i eit tettbygd byggefelt vart store mannskap kalla ut. Byggefeltet ligg ikkje langt frå flyplassen i Florø.

– Brannmannskap jobbar med å sløkkje brannen, opplyser Siv Sørstrand som er operatør ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane litt etter klokka 18.

Brannmannskap på taket

STERK VARME: Brannmannskap også frå Eikefjorden vart kalla ut då Alarmsentralen fekk melding om brann i bustadhuset i det tettbygde byggefeltet i Florø.

Foto: Truls Kleiven

Alarmsentralen fekk melding om brannen av ein nabo. Det kom røyk frå taksteinen på bustadhuset som står tomt, men som har ei leilegheit der det budde ein familie på tre personar.

– Då brannmannskapet var framme på staden var personane i leilegheita komme seg ut.

Alarmsentralen har førebels ikkje fått melding om at brannen er sløkt.

– Det skal ha byrja å brenne under takstein og så har det utvikla seg til opne flammar. Men huset er ikkje overtent.

Laster kart, vennligst vent...

FULL UTRYKKING: Då det byrja å brenne i det tettbygde bustadområdet i Norddalsmarka i Florø rykka alle naudetatane ut - også brannmannskap frå Eikefjorden.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.