Hopp til innhold

Fuglen ramponerer for millionar

EID (NRK): Med enorm kraft og iver, gjer hakkespetten skader for millionar av kroner.

Med enorm kraft og iver gjer hakkespetten skader for millionar av kroner.

MÅ TETTAST: Om ikkje hola blir tetta, blir stolpane svekka.

Hakkande hakkespettar ramponerer kraftmaster for fleire millionar kroner. Berre Sogn og Fjordane Energi åleine opplev årleg at hundrevis av stolpar vert angripne.

Ein ny kraftstolpe kostar nær 18 000 kroner, å tette hakkespetthol kan koste i snitt 3000 kroner. Faren er at stolpane rotnar og vert svekka om dei ikkje vert reparerte.

Hakkespett har hakka hol i stolpe

STORE HOL: Kvart år hakkar fuglane i fleire hundre av stolpane til SFE .

Foto: SFE

Energimontørane Rune Midthjell og Alf Erik Persson er blant dei mange energimontørane som kjempar mot den hakkande fuglen.

– Der er hakkespetthol i nesten kvar stolpe bortover her, seier Rune Midthjell om området på sørsida av Eidsfjorden.

Kvart år vert kraftmastene inspiserte, dei som treng reparasjon og vedlikehald vert merka av. Så kjem montørane tilbake for å gjere arbeidet.

– Ein må køyre fram, gå eit stykke, klive opp to personar og utbetre skaden. Det tek fort eit par timar per stolpe.

Saman med Midthjell skal Alf Erik Persson bruke tettingsmasse for å fylle att holet.

– Vi kan ikkje gi oss heller, då kan stolpane bli eit HMS-problem, seier Persson.

Hakkespett har hakka hol i stolpe

REPARERER: Nokre av stolpane klarer energiverket å berge. Her tettar Alf Erik Persson hôlet etter hakkespetten som har lagt sin elsk på kraftstolpen.

Foto: SFE

Freda fugl med uante krefter

Hakkespetten er freda. Ornitolog Alv Ottar Folkestad seier ekspertane ikkje finn ei god forklaring på kvifor hakkespetten er så glad i kraftmaster.

– Det har vore spekulert mykje i det, fordi det er så ulogisk det dei gjer. Moglegvis er det vibrasjon i trådane som gir signal til hakkespetten. Kanskje trur dei at det er noko levande i dei.

Hakkespettar hakkar fordi dei leitar etter mat, eller treng tak over hovudet.

Kamp i generasjonar

Falsk hakkespett

FALSK HAKKESPETT: Heller ikkje dette held hakkespetten unna stolpane.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

For kraftselskapa er gode råd dyre, mykje har vore prøvd for å stoppe fuglen sine herjingar. Men verken stolpenetting, eller falske hakkespettar festa på stolpane, bit på i lengda.

I fylgje SFE er bransjen så smått i gang med å nytte kompositt-stolpar. Men ulempa er høge prisar.

Folkestad trur det blir nok å gjere for kraftverka også framover.

– Det er vanskeleg, det har vore prøvd forskjellige ting gjennom generasjonar.

Alf Erik Persson og Rune Midthjell

EKSTRAARBEID: Alf Erik Persson, Rune Midthjell og kollegaene i Sogn og Fjordane Energi må bruke mykje tid på å rette opp hakkespetten sine herjingar.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Ferske spor

Linja til SFE på sørsida av Eidsfjorden er eit "verstingområde". Hakkespettane gjorde at den vart bytta ut for 20 år sidan, men fuglen er i ferd med å vandalisere linja på nytt.

Etter å ha fylt med tettingsmasse kjem karane ned frå kraftstolpen. Dei kan konstatere at hakkespetten ganske nyleg har vore på ferde:

– Det er ganske ferskt. Den kan kome tilbake til stolpen før vi er komne i bilen, i alle fall kan det gå under eitt år, smiler Midthjell.

Energimontørane har lang erfaring i jobbane sine. Dei tvilar på at bransjen finn ut av problemet med det fyrste:

– Eg har heldt med på dette i 30 år, så eg byrjar å bli lei, flirer Alf Erik Persson.

Med enorm kraft og iver gjer hakkespetten skader for millionar av kroner.

MÅ TETTAST: Om ikkje hola blir tetta, blir stolpane svekka.