Hopp til innhold

Fuglekasse-dramatikk i barnehage

SANDANE (NRK): Barnehageungane på Sandane sette opp fuglekasser. Så kom ein katt og tok den eine fuglemora.

Mona barnehage Sandane

DRAMATIKK: Ungar og vaksne i Mona Barnehage vart vitne til ekte naturdramatikk.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Den vart eten av ein katt. Vi såg ei fjør, og så var ikkje fuglen der.

Barnehageungane Luka Bhrane og Edvin Birkeland Kleppe i Mona Barnehage på Sandane fortel om den dramatiske hendinga dei vart vitne til.

Barnehagen har i den siste tida vore fleire turar til friluftsområdet Myra, der dei òg har sett opp fuglekasser. Ved ei av desse kassene vart ei fuglemor teken av ein katt.

Svein Hjelmeset er ein av dei som har opparbeidd området på Myra. Han fortel at ansvaret fall på fuglefaren då mora vart teken.

– Faren til ungane klarte å fostre opp alle seks åleine, og i går var fire av dei vekk ut av fuglekassa, seier han.

– Spreidde rundt om i trea

Hjelmeset sjekkar fuglekassa på nytt, og kan konstatere at alle fugleungane no har kome seg ut.

– Då er dei berga frå katten i alle fall.

– Kvar er dei no?

– No er dei spreidde rundt om i trea her. Eg såg nettopp faren rett bak her. No er det mykje lettare for han å halde liv i dei.

Grillhytte Mona barnehage

GRILLMORO: Pedagogisk leiar Laila Therese Nesdal og Elin Skeistrand grillar. I bakgrunnen ventar Julie Akse Hjelmeset, Mari Aa Djupvik, Markus Løvland og Isak Mindresunde tolmodig.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Utruleg flott område

Laila Therese Nesdal, pedagogisk leiar i Mona Barnehage, fortel at dei starta eit prosjekt på Myra i vår. Ungane fekk vere med å henge opp fuglekasser, og fekk seinare sjå egga og fugleungane. Nesdal seier at barnehagen likar seg godt på Myra.

– Det er eit utruleg flott område. Her kan ungane klatre og styre på. Så har vi ei grillhytte her borte, så vi brukar å ha med oss mat og grille. Vi kosar oss veldig her, seier ho.

Nesdal meiner at ungane også har læringsutbyte av å vere ute på Myra.

– Dei lærer om naturen og dyr. I tillegg har vi fokus på avfall, og at ein ikkje skal kaste noko i naturen.

Fuglekasse i barnehage

HJELPARAR: Edvin Birkeland Kleppe, Weam Taha, pedagogisk leiar Laila Therese Nesdal, Luka Bhrane, Kristupas Cepukenas, Julie Akse Hjelmeset og bestefar Svein Hjelmeset forsøker å hjelpe fuglane gjennom å bygge små heimar til dei.

Foto: Harald Kolseth / NRK