Medverkande var også både vakter og ballgutar.
- ER DET BLITT VILLARE TILSTANDAR BLANT FOTBALLSUPPORTERANE LOKALT? SEI DI MEINING NEDST I SAKA.
– Slikt skal ikkje skje på ei fotballbane. Fotballarenaen skal vere ein stad der alle skal kunne samlast, då lyt ein syte for at dette skjer i verdige former, seier Bård Eikeset, styreleiar i Førde Fotball.
Berykta førdianarar
Det er gjennom kommentaren «Sjikane, tomflasker og skjellsord» at Firda-journalist Stig Roger Eide tek eit oppgjer med det han hevdar er ein ukultur i fotballmiljøet i Florø.
Ved fleire høve har han vore på indre bane på stadion, har han observert sjikanerande framferd. Noko som toppa seg i
.Styreleiar i Florø, Arild Melvær, seier han ikkje kjenner seg att i kommentaren til Eide.
– Det var ein berykta Førde-gjeng som kanskje ikkje burde kome seg inn. Dei oppførte seg veldig upassande. Der burde kanskje våre vakter slått hardare ned. Gjengen på ti personar provoserte unødig Florø-publikumet, men det er ikkje bra å svare med å kaste flasker, seier Melvær.
– Opphaussa og tendensiøst
Melvær meiner Førde burde gjort dei merksame på denne gjengen, som han seier også Førde har hatt problem med. Han avviser at Florø har noko veksande ukultur blant sine supporterar. Melvær seier også at dei vil slå ned på det dersom han får stadfesta at vakter og ballgutar har medverka i sjikaneringa.
– På 16. mai vart det kasta tomflasker og det vil vi ikkje akseptere. Det er heilt klart, seier Melvær.
Florø-trenar Terje Rognsø meiner det er viktig å slå ned på all dårleg framferd under fotballkampar, men opplever kommentaren frå Eide som opphaussa og tendensiøst.
– Her ute har vi stor tru på at det er ein slags misunning. Kanskje for mykje Florø kontra kanskje kjære Førde? Vil lurer litt på det, seier han.
– Kan ikkje akseptere
Firda-journalist Eide avviser kritikken frå Rognsø.
– Vi kan ikkje akseptere tilstandar som på Florø stadion, med flaskekasting, skjellsord og banning. Som journalist har ein plikt til å ta opp denne type forhold, seier han.
Florø har lagt bak seg fleire store fotballkampar på heimebane siste tida, med opptil 3.000 tilskodarar. Det starta med
, og , før 16. mai-kampen heime mot erkerival Førde.Veksande engasjement
Styreleiar i Fotballkrinsen, Robert Endestad, har skrive rapport på det som han skildrar som uheldig framferd under 16. mai-kampen. Etter 25 år som fotballdommar, meiner han å sjå veksande engasjement på den lokale fotballtribunen.
Også andre stadar enn i kystbyen.
– Det eg reagerer mest på er at enkelte vakter kastar seg på og roper ting mot dommarar. Det må Florø ta fatt i. Samstundes må ein ikkje drepe engasjementet. Det vil vi ha i lokalfotballen, seier han og legg til:
– Litt må vi tole
– Litt må vi tole i lokaloppgjera. Det må vere lov å synge songar og å rope litt mot motstandarar. Men når ein kastar noko mot indrebane, og ballgutar og vakter sjikanerer, så er ikkje det lov, seier han.
- LES OGSÅ:
Florø vil no få på det reine kva som har skjedd. Episodane med vakter og ballgutar vil klubben handtere internt.
Han luftar også strengare vakthald som eit tiltak for at liknande ikkje skjer igjen.
Vil ikkje svartmåle
– Eg tykkjer det er bra at Florø grip tak i det. Dei jobbar hardt med Fair play, og vann fair play-prisen for tre år sidan, seier Endestad og ikkje ynskjer å svartmåle situasjonen.
– På tribunen var det vel kring 1.200 tilskodarar, og kanskje 15 som øydela den gode stemninga? Ein skal ikkje svartmåle det heilt, seier han. I Førde er også styreleiar Eikeset glad for at Florø tek saka på alvor.
– Det seier seg sjølv at ein skal behandle både motspelarar, dommarar og medspelarar med respekt. Er dette rett, så har det lite med fair play og respekt å gjere, avsluttar han.