– Det er betre at Fjord 1 blir oppløyst og selskapa held fram kvar for seg dersom ikkje fusjonen går vidare slik bedriftsforsamlinga har vedeteke. Det seier Hilde Bruvik, tillitsvald for Handel og kontor i Fylkesbaatane. Mandag skal fylkesordførar Nils R. Sandal diskutere saka med fylkesordførar i Møre og Romsdal, Jon Aasen.
Bruvik seier det blir bråk om Nils R. Sandal gjev frå seg arbeidsplassar for å få fusjonen i hamn. – Han kan ikkje ofre arbeidsplassar i Sogn og Fjordane, seier ho.
Møre og Romsdal krev nye forhandlingar
Etter at bedriftsforsamlinga i Fjord 1 gjekk inn for å fusjonere selskapa, er ikkje dei tilsette i Fylkesbaatane interesserte i å diskutere nye løysingar. Men fylkesutvalet i Møre og Romsdal avgjorde måndag at dei vil ha nye forhandlingar. Mellom anna vil dei ha fleire funksjonar – som bedriftsforsamlinga plasserte i Florø – til Molde.
Bruvik minner om at Sogn og Fjordane har 59 % av aksjane i Fjord 1. No krev ho at fylkesordfører Nils R. Sandal brukar aksjemajoriteten sin.
Vil ikkje overkøyre
Den endelege avgjerda skal Sandal ta saman med fylkesordførar Jon Aasen i Møre og Romsdal i midten av april. Askjefordelinga gjev Sandal ei stemme meir enn motparten, men Sandal seier den ikkje gjev grunnlag for å overkøyre Møre og Romsdal.