Hopp til innhold

Fryktar vindkraftstopp dersom eigedomsskatten forsvinn

Får regjeringa som ho vil, vil ikkje kommunar kunne krevje eigedomsskatt på installasjonar som til dømes vindmøller. Ordføraren i Selje fryktar det vil bety stopp for vindkraftutbygging i Norge.

Okla vindkraftverk

HAR PLANANE KLARE: Vestavind kraft fekk i sommar konsesjon til å byggje Okla vindkraftverk i Selje. No trur ordføraren i kommunen at regjeringa sitt forslag om å endre eigedomsskatten vil ta frå dei moglegheita til å tene pengar på anlegget.

Foto: Illustrasjon frå Vestavind Kraft

Forslaget er no ute på høyring. Ordførar i Selje Ottar Nygård er ikkje i tvil om konsekvensane, dersom det skulle få gjennomslag.

– Eg fryktar dette kan bli ein stopp for vindkraftutbygging i Norge, seier han.

Trur ingen vil satse

Økonomisk vil ei slik endring først og fremst råke industrikommunar som Årdal, Bremanger og Høyanger. Dei får i dag får fleire millionar i skatteinntekter frå smelteverka sine.

Ottar Nygård

VIL MOBILISERE: – Dette er eit skot for baugen for alle som tenkjer miljø, seier Nygård, som ber vindkraftkommunar mobilisere mot forslaget.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Men skatteendringa vil òg råke kommunar som Selje, som ønskjer å satse på vindkraft.

– Kommunar som har planar om vindkraftanlegg vil miste moglegheita til å få inntekter på dei. Vi ser på dette som ein felles dugnad, i tillegg hadde vi håpt på pengar i kassa når vi brukar av naturen vår til dette formålet. Eg trur det er svært få kommunar som vil vere med på vindkraftutbygging i framtida, med dei rammevilkåra som regjeringa no legg opp til, seier ordføraren.

– Staten bør kompensere

I Sogn og Fjordane har vindkraftselskapet Zephyr planar om å byggje vindmøller i Gulen, Vågsøy og Bremanger. Dagleg leiar i Zephyr, Olav Rommetveit, håpar kommunane ser at dei har meir å tene på vindkraftutbygging enn berre eigedomsskatten.

Olav Rommetveit

ØNSKJER KOMPENSASJON: Dagleg leiar Olav Rommetveit i vindkraftselskapet Zephyr, meiner kommunane må få noko tilbake frå staten, dersom eigedomsskatten forsvinn.

Foto: NRK

Men han skjønar at dei er uroa for at den skal forsvinne.

– Viss det skjer bør staten kompensere ved å til dømes innføre ein naturressursskatt på vindkraft, som tek skatteinntekter frå staten og gir til kommunane, seier Rommetveit.

Finansdepartementet har ikkje svart på spørsmål om kritikken, men i ein e-post oppmodar dei Selje-ordføraren til å nemne uroa i høyringsuttalen frå kommunen.

Ordføraren håpar vindkraftkommunane mobiliserer. Det hastar, fristen for å svare går ut i morgon.

– Eg håpar at det blir ein såpass brei oppslutning imot det, at regjeringa tek til fornuft.