Hopp til innhold

Redd for at bygda blir meir og meir isolert

Folk er vane med at vegen er open, men no stenger den stadig oftare. Men folk på Høyanger sørside vil ikkje at vegstengingar skal bli kvardagskost.

Geir Helge Østerbø

UROA: Geir Helge Østerbø er Sp-politikar og samfunnskontakt i Osland havbruk.

Foto: Privat

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Vi er heilt avhengige av at vegen er open. Folk og varer skal til og frå kvar einaste dag, seier Geir Helge Østerbø.

Frå å vere rimeleg sikker opplev bygdefolket på Høyanger sørside at fylkesveg 8 ofte stenger på grunn av skred og skredfare.

3. november i fjor gjekk det fyrste raset i nærleiken av Åkre som heldt vegen stengt i fleire dagar.

Rasløpet ved Åkre ovanfor fylkesveg 8

RASOMRÅDE: Det er i dette området det stadig oftare går ras ned mot vegen.

Foto: Privat

Vegvesenet måtte også stenge i nyttårshelga på grunn av skredfare, og medan vegen var stengt kom det steinar og sørpe i vegbana.

No er området så utrygt at det seinast i dag måtte stenge på grunn av skredfare. Østerbø fryktar stengingane blir ein vane i ei tid der vegen trengst meir enn nokon sinne.

– Vi kan ikkje leve med at vegen er stengt i fleire dagar berre fordi det kan byrje å regne.

Mykje trafikk som manglar veg

Omkøyringa over fjellet til Matre har avgrensingar for tunge køyretøy, og det blir heller ikkje sett opp ekstraferjer over fjorden når vegen er stengt.

På same tid er aktiviteten i dei små grendene høg. Mellom anna på grunn av den store kraftverksutbygginga på Østerbø.

– Fylkesveg 8 vart bygd på slutten av 80-talet, sidan er det ikkje gjort stort. Trafikken har auka, her er enorm vekst i næringslivet, seier Østerbø.

RASSTADEN: Bygdene ligg på sørsida av Sognefjorden i Høyanger kommune.

Blir ikkje gjort noko før til våren

Byggeleiar Solfrid Kvamme i Statens vegvesen seier dei vurderer å få opp eit fanggjerde når vêret betrar seg til våren.

– Vi hadde eit ras der 3. november, det vi ser no er at det rasar frå dette skredløpet, då må vi halde det stengt til det er stabilt.

I fylgje Kvamme er vertilhøva om vinteren for krevjande til å arbeide i fjellsida.

– Meir langsiktig vurderer vi fanggjerde, men skal vi få det på plass treng vi stabile vertilhøve over ei litt lengre periode, vi håpar å få det på plass til våren, seier ho.

– Det blir for lenge å vente

Østerbø kraftverk

UTBYGGING: Østerbø kraftverk er under bygging. Biletet er frå i sommaren 2018.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Geir Helge Østerbø meiner det blir for lenge å vente til våren med å få sikra vegen. Både kraftutbygginga og den nye produksjonshallen til Osland settefisk treng til dømes store mengder betong kvar dag.

– Vi kan ikkje leve med at vegen er stengt i fleire dagar berre fordi det kan byrje å regne, seier Østerbø.