Hopp til innhold

Fryktar valdsoffera kan bli taparane om kommunane ikkje blir samde

Kompetansen på overgrepsmottaket i Sogn og Fjordane er så viktig å ta vare på at politikarane i Eid legg pengar på bordet. I Vågsøy går det derimot mot eit nei. Legevaktsjefen fryktar valdsoffera blir taparane om ikkje kommunane blir samde.

Katja Nielsen ved Overgrepsmottaket

USIKKER FRAMTID: Det er framleis usikkert korleis framtida for Katja Nielsen og dei andre tilsette på overgrepsmottaket ved Førde sentralsjukehus blir.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Alfred Bjørlo

VIKTIG: Ordførar Alfred Bjørlo (V) i Eid seier kommunen blir med på å drifte dagens overgrepsmottak ut året.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Vi er med på ordninga ut 2016. Samtidig går vi i gang med å sjå på ei lokal løysing i Nordfjord frå 2017, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V).

Det vart drøfta om vi skulle gjere eit liknande vedtak som i Eid, men det vart lagt til side, seier Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (Ap).

Uvisse om mottaket

Det einaste overgrepsmottaket i Sogn og Fjordane er i dag lokalisert ved Førde sentralsjukehus.

Sidan 2012 har dei tilsette ved mottaket i Førde teke imot, behandla og teke vare på valdtektsoffer og andre som er utsette for seksuell vald rundt om i kommunane. Ifølgje legevaktsjef ved Øystein Furnes har dei også hatt fleire saker som gjeld vald i nære relasjonar.

Mottaket er organisert av Sunnfjord og Ytre Sogn interkommunale legevaktsamarbeid (SYS IKL), og alle kommunane i fylket har vore med å betale for tilbodet. (Unntaket er Aurland som er tilknytt ei liknande ordning i Hordaland).

Men framtida for mottaket har ei stund vore uviss. Kommunane har nemleg ikkje klart å bli samde om ein avtale for vidare drift, spesielt etter at ansvarsfordelinga vart endra.

Vil samle hjelpetilboda

Frå 1. januar vart ansvaret for personar utsette for seksuelle overgrep overført til helseføretaka, i vårt fylke Helse Førde. Det er dermed Helse Førde som skal ta kostnaden og ansvaret for å gje denne hjelpa.

Furnes seier ansvaret for personar utsette for vald i nære relasjonar har lagt innunder det generelle helseansvaret som kommunane har, men ansvaret har ikkje vore vidare definert. Frå nyttår vart det derimot formelt lagt inn under kommunane, ved legevaktene.

Furnes ved SYS IKL har vore klar på at ei slik oppdeling vil vere ufornuftig, og vil samle alt på dagens mottak på sentralsjukehuset. Furnes meiner dette er det beste for å sikre god kompetanse og lik hjelp til offera, uavhengig av kvar i fylket dei bur.

Basert på erfaringar har dei arbeidd ut frå at eit overgrepsmottak i Sogn og Fjordane vil handtere 15 saker om seksuelle overgrep og 25 saker om vald i nære relasjonar i året. Med dette som bakgrunn har dei bede kommunane vere med på eit spleiselag.

Om ikkje kommunane blir samde om ein avtale for vidare drift blir dei tilsette ved dagens mottak permitterte frå 1. april.

Furnes har understreka at Helse Førde framleis vil ha eit tilbod for personar som er utsette for seksuelle overgrep.

Signal om barnehus har vore sentrale

Men ein felles avtale for kommunane har vore vanskeleg å lande. Spesielt i Nordfjord har kommunane vore avventande, og Eid kommune si avgjerd kan bli eit viktig signal for dei andre i regionen.

Bjørlo seier det har vore viktig for dei å sikre at kompetansemiljøet som har blitt opparbeidd i Førde blir teke vare på. I tillegg viser han til planane om eit barnehus i Sogn og Fjordane. Fleire har meint at ei realisering av eit barnehus vil vere enklare om overgrepsmottaket blir sikra vidare drift. Dei signala har Eid-politikarane teke til seg.

– Vi ønskjer å vere sikre på at vi har nok tid til å få gode prosessar for Sogn og Fjordane.

– Vi må gjere det vi kan for å få på plass eit barnehus. Det har vore eit viktig argument for oss for å vere med i 2016, seier Bjørlo.

Han seier kommunen parallelt vil starte arbeidet med å byggje opp kompetanse for å kunne hjelpe offer for vald i nære relasjonar lokalt. Frå 2017 ønskjer dei ikkje lenger å kjøpe denne tenesta frå mottaket i Førde.

Kristin Maurstad

NEI: Formannskapet i Vågsøy og ordførar Kristin Maurstad seier nei til å støtte opp om eit felles overgrepsmottak i Sogn og Fjordane. Dei viser til at ansvaret er delt, og at dei må ta sin del av ansvaret.

Foto: Trond Vestre / NRK

Vil hjelpe lokalt

Formannskapet i Vågsøy diskuterte også eventuell støtte til eit felles overgrepsmottak for heile fylket i dag. Ordførar Kristin Maurstad seier fleirtalet gjekk inn for at personar som er utsette for vald i nære relasjonar skal få hjelp lokalt i Nordfjord.

– Ansvaret for seksuelle overgrep ligg til Helse Førde, og vi vil sjølvsagt sende pasientar som har behov for den oppfølginga til Førde, seier ho.

Furnes har tidlegare gitt uttrykk for at dei treng støtte frå alle kommunane for å kunne drive eit heilskapleg tilbod for heile Sogn og Fjordane.

– Vi er sjølvsagt opptekne av at vi skal ha eit godt mottak for personar som treng hjelp etter seksuelle overgrep. Men det ansvaret ligg til Helse Førde og ikkje kommunane. Vårt ansvar er for vald i nære relasjonar, og der meiner vi det ut frå fagleg omsyn er best å gje eit tilbod lokalt, seier ordføraren.

Kommunestyret i Vågsøy skal ta endeleg stilling til saka i møte 7. april.

Øystein Furnes

VIKTIG TILBOD: Offer for vald i nære relasjonar kan bli taparane om ikkje kommunane blir samde om eit tilbod der alle får same hjelpa. Det meiner legevaktsjef Øystein Furnes ved SYS IKL.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

– Uheldig

Legevaktsjef ved Sunnfjord og Ytre Sogn Interkommunale legevaktsamarbeid (SYS IKL) registrerer at dei i dag har fått eitt ja og eitt nei frå Nordfjord-kommunane.

Han meiner det er beklageleg at kommunane ikkje kan samle seg om eit felles overgrepsmottak.

– Det er veldig uheldig at vi ikkje kan samlast om eit så viktig tilbod for ei lita, men alvorleg pasientgruppe i eit fylke som vårt. Det er snakk om svært kompliserte og tidkrevjande saker. Då er det viktig at vi får eit miljø som kan gje desse personane eit godt nok tilbod. Både helsemessig og ikkje minst rettsmessig, seier Furnes.

Meiner kommunane ikkje forstår alvoret

Om kommunane ikkje blir samde om ein avtale som sikrar alle innbyggjarane det same hjelpetilbodet, fryktar Furnes at enkeltpersonar kan bli taparane.

– Taparane vil bli innbyggjarar som bur i kommunar som ikkje har avtale med overgrepsmottaket. Det vil ikkje kunne vere mogleg å gje eit like godt tilbod til personar utsette for vald og overgrep på små legevakter. Dei har ikkje spesialkompetanse på den typen problemstillingar.

– Det er ei ganske alvorleg skulding mot små kommunar som heilt sikkert vil gjere sitt beste for å byggje opp den typen kompetanse?

– Eg er sikker på at dette er godt meint frå kommunane. Men dette er ei problemstilling ein ikkje har kunnskap og kjennskap til utan å ha jobba med det. Eg må seie det så sterkt at eg ikkje trur alle har fått med seg kor komplekse, tunge og tidkrevjande desse sakene er.

– Lener oss på fagfolk

Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad seier ho vil ta med seg uttalene til Furnes fram mot kommunestyremøtet i april.

– Vi lenar oss til det våre fagfolk seier om at ein skal klare å ha eit godt tilbod til dei som blir usette for vald i nære relasjonar lokalt i Nordfjord, seier ho.

Ho vedgår at det er ei kompleks sak, og seier formannskapet også har bede om noko meir informasjon om nokre punkt fram mot møtet i kommunestyret.

Har trua på løysing

Med ja frå Eid og mogleg nei frå Vågsøy trur Furnes likevel det går mot ei ordning for det mottaket han har sett for seg.

– Det er ein såpass sterk vilje i mange av kommunane til å få dette på plass at eg trur vi kjem til å klare det. Det er heilt avgjerande for denne pasientgruppa at vi har eit slikt tilbod.