Hopp til innhold

Fryktar ungdom blir tvinga vekk på hybel

Ungdomar fleire stader i Sogn og Fjordane er stressa, sinte og opprørte. Dei fryktar politikarane i morgon bankar igjennom eit skuletilbod på vidaregåande som tvingar umodne ungdomar til å flytte heimanfrå.

Steffen H. Starheim, Sunniva Flaten Brekke, Ingeborg Myklebust, Ingeborg Vik Yri, Sara S. Arnestad

DRAMATISKE KONSEKVENSAR: Desse ungdomane på Eid ungdomsskule ber skulepolitikarane lytte: F.v. Steffen Heggen Starheim, Sunniva Flaten Brekke, Ingeborg Myklebust, Ingeborg Vik Yri og elevrådsleiar Sara Sandvik Arnestad.

Foto: Privat

– Dette gjeld nok dei med dårlegast karakter, som også er minst motiverte og klare. Vi trur fleire vil droppe ut av skulen, og fråfallsprosenten vil auke. Dette er dramatisk for ungdomane.

Den klare talen kjem frå Sara Sandvik Arnestad som er elevrådsleiar ved Eid ungdomsskule. Ungdomar og foreldre i nordfjordkommunen er blant mange som no krev at skulepolitikarane lyttar. Dei vil ikkje godta dei føreslåtte kutta i klassar ved vidaregåande skular i Sogn og Fjordane. På Eid går elevar og foreldre no til kamp for å halde på to klassar på VG1 studiespesialisering.

– Færre tilbod kan gje mindre motivasjon, arbeidslyst og meistring, skriv Sandvik Arnestad i brevet til fylkespolitikarane.

Viss fleire elevar må gå på andre- og tredjeønsket sitt, vil færre klare å fullføre utdanningsløpet. Fleire må også ufrivillig / ubudd flytte på hybel, kanskje så langt borte som til Sogn.

Tiandeklassingar i Eid i brev til skulepolitikarane

Slik kan skuletilbodet bli endra

Bakgrunnen for uroa blant ungdomar, foreldre og skuletilsette er at politikarane i Hovudutval for opplæring i morgon skal ta stilling til kva skuleklassar som skal kuttast og kva tilbod som skal få fleire klassar.

Vil ikkje sende ungane på hybel

Turid Janka Langedal

OPPRØRT: Turid Janka Langedal er mor til ein tiandeklassing i Hyllestad. Ho og mange med ho ber politikarane ta grep for å hindre at ungdomar må flytte langt heimanfrå på hybel for å gå å på vidaregåande.

Foto: Privat

Skuletilbodet ved Dale vidaregåande skule er ikkje nemnt i endringsforslaget. Det forargar Turid Janka Langedal i foreldrerådet på Hyllestad skule, som viser til at skulen har mange fleire søkarar enn tidlegare.

For mange elevar som bur i Askvoll, Hyllestad, Fjaler og Solund, er den vidaregåande skulen i Dale den einaste vidaregåande ungdomane kan dagpendle til. I eit brev til skulepolitikarane ber tiandeklassingane i Hyllestad om at tilbodet i Dale får fleire klassar på VG1 i Helse og oppvekst og TIP (teknikk og industriell produksjon).

Viss elevar kjem inn på ein skule der dei ikkje kjenner nokon, eller ei linje dei ikkje sterkt unskjer å gå, minkar motivasjonen deira veldig.

Tiandeklassingar i Hyllestad i brev til skulepolitikarane

Også Langedal fryktar ungdomar må flytte heimanfrå mot si vilje.

– I Dale har dei gjort ein god jobb for å selje inn skulen, noko dei har lukkast med. For berre nokre år sidan stod heile skulen i fare for å bli lagt ned. No er det motsett problem, no er dei for suksessfulle.

Kan ikkje love noko

Karianne Torvanger er leiar for hovudutvalet for opplæring i fylket. Ho seier råda for å endre skuleklassane er basert på primærsøkartal og det som blir kalla prøveinntak, der ein ser korleis elevane fordelar seg. Fylkestinget har i skulebruksplanen også sagt noko om kor mange elevar det skal vere i forskjellige type klassar.

– Fylkestinget ønskjer at det skal vere minimum åtte elevar i yrkesfaglege klassar og minimum 20 elevar i studiespesialisering. Mange av klassane på Eid kom under dette talet, seier ho.

Torvanger seier det samla sett i fylket ikkje er behov for å auke opp kapasiteten på TIP-tilbodet, og at det truleg er grunnen til at ein ikkje har føreslått ein ekstra klasse i Dale.

Vi er stressa, livredde, sinte og nedtrykte over det som møter oss i media no om dagen. Får eg studieplass til hausten ? Kan eg rekne med støtte frå dei heime i leksearbeidet? Kjem eg til å klare meg?

Tiandeklassingar i Hyllestad i brev til skulepolitikarane