Hopp til innhold

Fryktar ulven kan ha tatt 50 sauer

Det er gjort endå ein observasjon av det som mest truleg var ein ulv. Denne gongen i Folkestad i Fjaler. Observasjonen vart gjort laurdag. Same dagen vart det funne ein skadd sau i nabobygda Skifjorden i Hyllestad.

Sauekadaver i Lavikdalen

STORE TAP: Sauekadaver funne i Lavikdalen

Foto: Statens Naturoppsyn

SISTE TYSDAG FØREMIDDAG: Sauekadaveret som fart funnen i Skifjorden i Hyllestad lørdag i førre veke vart drepen av ein ulv. Det stadfestar Rein Arne Golf i Statens naturoppsyn. Kadaveret vart undersøkt i går. Ifølgje bonden har ulven mest truleg teke livet av sauen på torsdag.

Litt lenger aust, i grensetraktene mellom Lavik og Hyllestad er det ikkje gjort nye observasjonar, men leiar i Høyanger nordside beitelag, Ove Sørestrand, seier at dei har starta sankinga og at tapa er store.

– I vårt beitelag har vi no henta ned sauene, og der manglar vi 50 dyr, seier Sørestrand.

I juli kom dei første varsla om at det igjen var ulv i Sogn og Fjordane. Først kom det meldingar om drepne sauer i Naustdal . Ikkje lenge etter kom det også melding frå Guddal i Fjaler om lam som mest truleg var tekne av ulv.

– Det er ikkje nokon god situasjon når ein veit at det ulv i området, seier Sørestrand.

Urolege dyr

Ove Sørestrand i Lavikdalen

FORTVILA: Ove Sørestrand er leiar i Høyanger nordside beitelag.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Sauebonden fortel at det har vore lett å merke på dyra at dette har vore ein sommar utanom det vanlege.

– Dyra har vore urolege. Mange av dyra har gått i område der dei vanlegvis ikkje beitar. Så det har vore meir uro enn det vi har vore vande med, seier Sørestrand.

Han har ei klar oppmoding til dei som eventuelt no gjere nye observasjonar av det som kan vere ulv.

– Det er viktig at dei melder frå til Statens naturoppsyn med ein gong. Tida er heilt avgjerande for å kunne sette i gang jakt på ulven, seier Sørestrand.