Hopp til innhold

Fryktar ulukker på Snøvegen

Både lensmann og ordførar i Lærdal fryktar følgjene av ulukker på Aurlandsvegen. Om ei ulukke skulle inntreffe, er det i verste fall 1,5 mil før ein får kontakta politi.

Aurlandsfjellet

SNØVEGEN: Store delar av dei nær fem mila mellom Aurland og Lærdal er utan mobilsamband.

Foto: Statens VegvesenStatenw

Tre mil av fylkesveg 243 mellom Lærdal og Aurland er heilt utan mobilsamband. I romjula slo stormen Dagmar i tillegg ut fasttelefonane for dei som bur på strekninga.

Vegen er ikkje mellom dei med best standard, og lensmann i Aurland og Lærdal, Per Tomas Klingenberg, fryktar ulukker.

– I verste konsekvens kan det skje alvorlege uhell på fjellet. Då må folk reise eit godt stykke før dei får varsla.

– Opp mot 1,5 mil?

– Ja, om det skjer midt mellom dei to punkta, nær sjøen på Lærdalssida og Nalfarhøgdi på Aurlandssida, så blir det eit godt stykke, stadfestar Klingenberg.

(Saka held fram under bildet)

Jan Geir Solheim

KOORDINERER: Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim.

Dårleg kombinasjon

Etter stormen Dagmar fekk mobildekninga meir merksemd, og Klingenberg kontakta kommune, fylkeskommune og Statens vegvesen. Etter eit møte i februar, har Lærdal kommune, med ordførar Geir Solheim i spissen, teke på seg koordineringsansvar.

– Vi søkjer samarbeid med Aurland kommune, for det er klart vi har felles utfordringar her. Vi må i fellesskap få dekningskart frå post- og teletilsynet, slik at vi ser utfordringane klart føre oss, seier Solheim.

Vegen, som også blir kalla både Aurlandsvegen og Snøvegen, vart opna som kommunal veg i 1967, og har sidan 1987 hatt status som fylkesveg. Seinare vart den 48,6 kilometer lange vegen Nasjonal Turistveg.

Trafikken vil auke, og skulle ei ulukke skje på feil punkt, kan både skadde og andre få det vanskeleg.

– Det er difor vi tek tak i dette. Trafikkauke, store bilar og dårleg veg - det er sjeldan ein god kombinasjon, seier ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim.

Håper på 2013

Frykt for konsekvensane gjer at Solheim håper dette vil gå kjapt. Han siktar seg inn på ei ferdig løysing innan utgangen av 2013.

– Eg håper vi skal klare å få det i orden i løpet av 2013, slår ordføraren fast.

Likevel ser han utfordringane.

– Det må ein del utgreiingsarbeid til, og det er begrensa når ein kan jobbe der oppe på fjellet. Her er utfordringar, straumproblematikk og anna, men eg håper på 2013.

Amundsen 12

- TA KONTAKT: Dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen, fortel at denne saka ikkje tidlegare har vore diskutert. Om kommune og fylke vil ha fortgang, må det godt samarbeid og snarleg kontakt til.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Svært dyrt

I utgangspunktet har ikkje teleselskapa ansvar, men Telenor har oftast utbyggingsansvar for mobilnettet.

Dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen, meiner 2013 blir eit veldig tøft mål å nå.

– Eg skal ikkje no seie klart nei, men erfaringa er at vi har ganske kort tid om mobilnettet på ei slik strekning skal vere etablert innan 2013. Det er i alle fall ingenting på våre budsjett i augneblinken.

Han peiker òg på at kostnadane ofte bremsar prosjekt som dette.

– Erfaringa er at dette er interessant heilt til kostnadane kjem. Då blir det mindre interessant. Om dette ikkje blir tilfelle, så vil vi gjerne diskutere, slår Amundsen fast.

– Alt er teknisk mogleg, men det er dyrt, og det tek tid. Eit kostnadsoverslag no blir som å skyte frå hofta, men det ligg frå 2-3 millionar til opp i 10 millionar. Alt eg veit er at det er svært, svært dyrt, fortel dekningsdirektøren.

Ikkje unormalt

Amundsen seier vidare at det ikkje er unormalt med så lange strekningar utan dekning.

– Det er ikkje unormalt med null mobilsamband på lange strekningar, i alle fall ikkje på vinterstengte vegar.

– Om ein ser på dei nasjonale turistvegane, som det blei mange av i 2009, er fellesnemnaren at det er aude vegar, som manglar straum og samband, fortel Amundsen.

Gjennom 16 år i Telenor kan dekningsdirektøren heller aldri hugse at denne vegen har vore diskutert.

– Eg har ikkje diskutert dette med kommuner eller fylket tidlegare. No må dei bruke vanlege kanalar, og henvende seg, seier Amundsen.

Mobiltelefon uten dekning

VANLEG PROBLEM: Null mobildekning på lange fjellstrekningar utan mange fastbuande, er ikkje unormalt.

Foto: Rune Kjær Valberg / NRK

Håper på spleiselag

Tore Sønnesyn, som er rådgjevar i Beredskapsavdelinga hjå Fylkesmannen, håper på godt samarbeid og delvis ekstern finansiering.

– Det er ei viktig problemstilling, og framover blir det viktig med samarbeid og samspel mellom ulike aktørar. Om fleire blir med på eit spleiselag, blir det enklare å få ting på plass, meiner Sønnesyn - som òg slår fast at fjellvegar som Aurlandsvegen er eit generelt problem i fylket.

Med ekstern finansieringshjelp, fortel Amundsen i Telenor at det heile vil gli lettare.

– Det blir noko enklare då, ja.

Etter møtet midt i februar, blei ECO Vasskraft nemnt som samarbeidspartner. Dei skal bygge ut i Erdalselva, og har sagt dei treng mobildekning i området.

- Ja, slik eg har forstått det, vil ECO Vasskraft vere behjelpelege med mobildekning så langt dei treng det opp i dalen, fortel lensmann - og initiativtakar - Klingenberg.