Hopp til innhold

Fryktar store pengar skal gå tapt ved skipstunnel

Næringsdirektøren fryktar turistane vil segle gjennom Stad skipstunnel utan å legge att ei krone.

Stad skipstunnel

TURISTMAGNET? Stad skipstunnel er spådd å bli ein stor turistattraksjon, men fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim, er redd reiselivsfokuset skal bli gløymt.

Foto: Nordwest 3D/Stad skipstunnel

– Det kjem ikkje til å sprute pengar ut frå denne skipstunnelen og inn i kommunekassen utan at ein faktisk gjer ein god planleggingsjobb, seier fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim.

Han ber kommunane tenke reiseliv. Stad skipstunnel er spådd å bli ein stor turistattraksjon, men Heggheim saknar ein plan for at turistane legg att pengar.

– Må tenke før det er for seint

Jan Heggheim

JAN HEGGHEIM: Fylkesdirektør for næring.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Stad skipstunnel skal ikkje berre opne opp for meir og sikrare transport på kysten, det kan også bli ein ny turistattraksjon. Men på ein konferanse om tunnelen førre veke åtvara Jan Heggheim mot å tru at inntektene kjem av seg sjølv.

Han etterlyser at ordførarane jobbar med konkrete planar for å sikre at turistane faktisk legg att pengar. Han redd slike planar blir vekke seinare i prosessen.

– Vi treng gode etableringar som gjer at vi kan fange opp effektane. Viss ein ikkje tenker på det allereie no, er eg redd det ikkje blir lagt tilstrekkeleg til rette for reiselivsinntekter når detaljprosjekteringa startar.

Tunnelsyn

Ordførar i Selje, Ottar Nygård, seier dei no fyrst og fremst jobbar med korleis tunnelmasse kan brukast til nye næringsareal.

Når det gjeld å tene pengar på turismen meiner ordføraren at næringslivet og selskap som Nordfjord vekst og Vanylven utvikling er dei rette til ta tak.

– Vi som jobbar internt i prosjektgruppa i prosjektgruppa har nær sagt tunnelsyn. Vårt hovudfokus er å få hol i fjellet. Det må bli nokon på utsida av oss som tek tak i verdiskapingsdelen, seier Nygård.

Men under føredraget sitt var det nettopp dette tunnelsynet Heggheim åtvara mot. Han trur tunnelen kan bli viktig også for ei reiselivsnæring som slit, om ein spelar korta riktig.

– Eg trur denne skipstunnelen, saman med andre tiltak, kan vere den bensinen som skal til for at ting kan bli betre, seier Heggheim.