For Dyrstad har ikkje lov til å sende brannfolka sine inn i ein tunnel utan å ha kontakt med dei via eit samband. Og i dei aller fleste tunnelane i området manglar det samband. Etter at brannvesenet har synfart seks tunnelar på hovudvegane i Flora, Bremanger og Naustdal har det kome fram store manglar i rutinane, skriv Firdaposten i dag
Frå ein brann inne i Naustdalstunnelen. Arkivfoto NRK
Ikkje brannøvingar
I tillegg til mangelen på samband, har vegvesenet heller ikkje gjennomført brannøvingar slik reglane krev. Risikoanalysane på dei enkelte tunnelane var for dårlege, og det var for få stopp- og varslingssignal. Dette kan vere kritisk for tryggleiken til trafikantane, men det er tydelegvis ikkje noko nytt for brannsjefane i fylket. - Slik har det vore i mange år, og det er framleis ei viss usemje mellom brannvesena og vegvesenet om tryggleiken, seier Dyrstad.
Pengemangel er årsaka
Vegvesenet skuldar på at dei har for lite pengar til å halde tunnelane trygge. Brannsjefen ser dei økonomiske vanskane, men er ikkje i tvil om at dei likevel bør betre rutinane. - Tunnelane er Statens Vegvesen sitt ansvar, akkurat som eit forsamlingshus er eigaren sitt ansvar, seier brannsjef Håkon Dyrstad i Bremanger.