Hopp til innhold

Fryktar tragedie må skje før ein får på plass redningsdykkarberedskap

Brannsjef i Førde, Bernhard Øberg, meiner det er ille dersom det må ein tragedie til før politikarane forstår at det bør innførast ei fylkesdekkjande og profesjonell redningsdykkarberedskap.

Bernhard Øberg vil ha profesjonelt redningsdykkarkorps

KVA MÅ SKJE? Brannsjef i Førde, Bernhard Øberg, stiller spørsmål ved kor stor tragedien må vere før ein tek behovet for ei profesjonell redningsdykkarteneste på alvor.

Foto: Bård Siem / NRK

– Realitetane i dag er at vi står bortimot utan redningsdykkarteneste. Sett ut frå beredskapssituasjonen hadde eg ønskt at vi hadde ei operativ redningsdykkarteneste i fylket, seier brannsjef i Førde kommune, Bernhard Øberg.

Både i Hordaland og Møre og Romsdal vil profesjonelle redningsdykkarar i vaktberedskap rykkje ut dersom nokon fell i sjøen og treng hjelp for å unngå drukning. Men slik er det dessverre ikkje i Sogn og Fjordane.

Burde vore knytt til eit brannvesen

Det er fleire redningsdykkarar også i Sogn og Fjordane, men alt blir drive på dugnad og det inga beredskapsordning.

Øberg skulle gjerne sett at redningsdykkarane var inne i ei vaktordning, plassert sentralt i fylket.

Slik det er i dag, kan det i verste fall det ta lang tid å få tak i ein redningsdykkar, noko som kan få fatale konsekvensar, seier Øberg.

– Frykta er at fylket står utan redningsdykkarteneste dersom uhellet er ute. Kor stor må tragedien vere før ein tek spørsmålet om redningsdykkarane på alvor, spør Øberg.

Tek for lang tid

Han seier det i dag er meir eller mindre tilfeldig om ein har redningsdykkarar tilgjengeleg dersom uhellet er ute.

– Viss ein må hente redningsdykkarar frå Bergen, seier det seg sjølv at det tek for lang tid, seier Øberg.

Redningsdykkar og dykkeleiar for redningsdykkarane i Førde, Stian Helgheim, er glad for utspelet frå Øberg.

Stian Helgheim er redningsdykkar

OVERMODEN: Dykkeleiar for redningsdykkarane i Førde, Stian Helgheim, meiner tida er overmoden for å få på plass ei fast beredskapsordning.

Foto: NRK

– Det høyrest ut som ein god måte å gjere det på. Vi har forsøkt å komme oss inn under det offentlege for tre år sidan. Men det fekk vi ikkje noko særleg respons på, seier Helgheim.

Kan ikkje garantere at dei har dykkarar klare

Redningsdykkarane har drive via Røde Kors i 13–14 år.

– Når du er i Røde Kors er det basert på frivilligheit, og då vert det deretter, seier Helgheim.

Han meiner tida er overmoden for å få på plass ei fast beredskapsordning.

– Viss du har ei vaktordning med fast mannskap som går på vakt, så er vi mykje kjappare ute, seier Helgheim.

Han legg til at slik det er no, kan folk vere bortreist, til dømes i helgar og feriar.

– Vi kan ikkje garantere at vi alltid har folk til å rykkje ut slik det er i dag, seier Helgheim.

(Artikkelen held fram under videoen)

Stian Helgheim har ikkje berre ein, men fire jobbar. Og oppgåva er uansett å redde liv.

ENGASJERT: Stian Helgheim har fire jobbar, brannmann, hundeførar, ambulansearbeidar og redningsdykkar. Alle handlar om å redde liv.

Vil ha eit spleiselag

Bernhard Øberg ser for seg ei ordning der alle kommunane i fylket spleisar på ei profesjonell redningsdykkarteneste, og ønskjer at den vert lagd til Førde.

– Førde kommune kan vere interesserte i å få etablert ei slik dykkarteneste. Men då er vi avhengige av at vi spelar på lag med heile fylket, seier Øberg.

Han meiner eit reknestykke med eit driftsbudsjett på to-tre millionar ville vore overkommeleg dersom heile fylket og fylkeskommunen hadde gått med på eit spleiselag.

– Vi ser at vi kunne fått ei betre redningsdykkarteneste dersom den var knytt til eit brannvesen, seier Øberg.

– Men det er store avstandar mellom til dømes indre Sogn og indre Nordfjord.

– Då er vi avhengige av helikopterløft, og at vi til dømes får ein avtale med luftambulansen om å løfte dykkarar ut frå Førde til der det er behov, seier Øberg.