Hopp til innhold

Slik må du parkere under VG-lista

Politiet fryktar trafikkaos då VG-lista kjem til Førde på onsdag.

Parkering VG-lista

SLIK BLIR PARKERINGA: Ein bør ikkje parkere for nære arrangementet på kunstgrasbana.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Det blir ein folkefest med stor tilstrøyming. Og det blir ein unntakstilstand samanlikna med det vi er vand med.

Det fortel politiførstebetjent Gunnar Englund om onsdagens arrangement i Førde sentrum.

– Vi må ta omsyn til at det blir mykje folk. Det passar dårleg med trafikkavvikling og vi må regulere. Angedalsvegen vil bli stengt onsdagen frå klokka 9 om morgonen til klokka 21 om kvelden. Mens arrangementet held på vil den vegen vere ei gågate.

– La bilen stå

Englund håpar at alle som kan tek beina fatt på onsdag.

– Vi anbefaler folk som kjem frå andre plassar om å ta buss. Firda Billag har sett opp fleire ekstraruter. Dei frå Førde må vurdere om dei verkeleg må bil akkurat den dagen.

Englund og Kjell Bolsø

FRYKTAR KAOS: Politiførstebetjent Gunnar Englund (t.v.) håpar så mange som mogleg let bilen stå under VG-lista. Politibetjent Kjell Bolsø (t.h.) skal vere operasjonsleiar under arrangementet.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Og han legg til at dei som må køyre, bør vere obs på kvar dei let bilen stå.

– Dei som køyrer bør bruke parkeringsplassane ved Hafstad Vidaregåande. Der blir det laga eit større område utpå jordet. På Hellenes ved verftet vil det også bli stilt areal til disposisjon. I sentrum vil de vere vanleg parkering, handelsstanden har sine parkeringshus ope lenger. Også kan man parkere i Hafstadparken.

– Bruk hovudet

Sjølv om det førebels er uklart kor mange som tek turen til VG-lista i Førde, så fortel politiet at dei arbeider med tanke på at det kjem mange folk.

Parkering og trafikk under VG-lista

SJÅ POLITIET FORKLARE PARKERINGA: Politiet fryktar kaos på onsdag.

– Politiet har ikkje noko meining om kor mange som kjem, men arrangøren fortel at det på kunstgrasbana er plass til 13.000. Vi planlegg at det kjem mykje folk, og det er det vi steller oss til, seier Englund.

Og du gjer lurt i å plassere bilen eit stykke unna arrangementet.

– I området Elstervegen og Prestebøen, som er nær arrangementet, går det ikkje an å parkere. Her er det smale gater, og det må vere mogleg å komme seg fram. Er det køyretøy som står til hinder for trafikken må vi taue dei bort, seier Englund, som har ei oppfordring til dei som planlegg å ta turen til kunstgrasbana ved Førdehuset.

– Bruk hovudet, og bruk dei plassane som er tilgjengelege. Ta omsyn til andre, både på arrangementet, men også når du køyrer og parkerer.