Hopp til innhold

Fleire bedrifter flaggar ut bunadane – fagfolk fryktar for kunnskap og tradisjonar

FØRDE (NRK): Fleire og fleire bedrifter produserer bunadar heilt eller delvis i utlandet. Norsk Institutt for Bunad og Folkedrakt likar ikkje utviklinga.

Ane Mørkve Kortner

BUNADSSYING: Klokka er 09:00 og Ane Mørkve Kortner og Liv Solveig Langeland er godt i gang med bunadsproduksjonen ved Viken i Førde.

Foto: Oda Elise Svelstad / NRK

– Bunadsplagget handlar om kjensler, og det ligg sterke band i drakta. For mange er det utenkeleg at det skal produserast ein annan plass og med andre stoff, nettopp fordi det skal vere forankra i heimstaden, seier Ane Mørkve Kortner.

Ho førebur seg for tida til svennebrevet ved bunadsprodusenten Viken i Førde. Her syr dei rekonstruerte bunadar frå 1700- og 1800-talet med forankring i Sogn og Fjordane.

Forkleband bunad

FORKLEBAND: Viken bruker silke, ull frå Gudbrandsdalen Uldvarefabrikk og garn frå Rauma Broderi. Sistnemnde er spunne av norsk spælsau, ein av dei eldste sauerasane vi har.

Foto: Oda Elise Svelstad / NRK

Viken skil seg dermed ut frå andre bunadsbedrifter. Camilla Rossing, leiar i Norsk Institutt for Bunad og Folkedrakt, fortel at fleire og fleire bedrifter vel å flytte delar eller heile bunadsproduksjonen til utlandet. Ho meiner at det vil få alvorlege konsekvensar for norsk handsaum og bunadstradisjonar, og kan føre til at vi mister ein viktig del av kulturarven.

– Vi synest det er problematisk at den nære kunnskapen til lokalmiljø og til draktskikken som bunaden byggjer på blir fjernare og fjernare ved ein utanlandsk produksjon, seier Rossing.

Camilla Rossing

Camilla Rossing, leiar for Norsk Institutt for Bunad og Folkedrakt.

Foto: NBF / NBF

Ikkje einig

Esben Thyrum, sals- og marknadsansvarleg i Norske Bunader, er ikkje redd for at kunnskapen skal gå tapt. Dei sel omkring 4000 bunadar kvart år. For å møte den store etterspurnaden nyttar dei seg av skreddarar i Kina, medan justering og montering blir gjort av kompetente bunadstilverkarar i dei ulike avdelingane i Noreg.

– Vi har 40 tilsette i Noreg som vil behalde og vidareføre kunnskapen om norsk handsaum og bunadtradisjonar.

Han meiner det er marknad for både norsk- og utanlandsproduduserte bunadar.

– Vi ynskjer at flest mogleg skal kunne skaffe seg bunad. Òg dei som ikkje har råd til ein bunad til 60.000 kroner, seier Thyrum.

Esben Thyrum

Esben Thyrum, Sals- og marknadsansvarleg i Norske Bunader AS.

Foto: Norske Bunader AS / Norske Bunader AS

Rossing er klar over at bunadsproduksjonen i Noreg står overfor utfordringar, blant anna knytt til økonomi og at det er for få handverkarar i til å mette den store etterspurnaden.

Ho peikar på at billigproduserte bunadar i utlandet gjer det vanskelegare for bedrifter å etablere seg i Noreg.

– Færre vil klare å livnære seg av det tradisjonelle handverket, som igjen vil gå ut over rekrutteringa til bunadtilverkar-yrket.

Optimistisk trass konkurranse

Bunadsavdelinga til Viken merkar priskonkurransen, men har likevel ingen planar om å flytte produksjonen utanlands. Lokal tilhøyrsle, identitet og kundeforhold er faktorar som gjer at dei vil halde seg innanfor Noregs grenser.

Lars Inge Myklebust prøver Sunnfjordbunad

PRØVING: Interessa for bunad aukar, òg blant vaksne menn. Her er Lars Inge Myklebust frå Jølster innom Viken for å få riktig mål til Sunnfjordbunaden sin.

Foto: Oda Elise Svelstad / NRK

– Vi har kundar som har hatt eit kundeforhold her i fleire generasjonar, og som stolar på at vi vidarefører bunadstradisjonen frå Sunnfjord, seier Kortner.

Trass i konkurranse opplever dei ei oppblomstring i interessa for nasjonaldrakta.

– Eg ser ljost på framtida. Eg trur ikkje bunad er noko vi kjem til å slutte med, seier Kortner med eit smil om munnen.

Prinsesse Ingrid Alexandra skal få bunad av bestefar og bestemor til konfirmasjonen. Det skal bli ei unik drakt, skapt av bunadsekspertar frå ulike delar av Norge. Og av ei dronning.

SJÅ TV-SAK: Prinsesse Ingrid Alexandra skal få bunad av bestefar og bestemor til konfirmasjonen. Det skal bli ei unik drakt, skapt av bunadsekspertar frå ulike delar av Noreg. Og av ei dronning.