Hopp til innhold

Fryktar sykkelforbod i Sogn

I Kaupanger er to naturreservat under planlegging. Eit mogleg sykkelforbod i reservata har skap sterke reaksjonar i sykkelmiljøet i Sogn.

Stisykling i Sogn

POPULÆR AKTIVITET: Skogen på Kaupanger har dei siste åra fått status som eit eldorado for stisyklistar og blir mykje brukt.

Foto: Sigrid Skjerdal

– Folk er opprørte og skuffa, seier Lars Melbye i Sogn terrengsykkel.

Skogen på Kaupanger er mykje brukt av stisyklistar. Men no kan dei bli utestengt frå delar av denne.

– Det finst nasjonalt verneverdig skog i begge dei to føreslegne naturreservata. Det er ikkje så mykje urørt natur igjen i Norge, så dette er av spesielt stor verdi, seier Tom Dybwad hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Det var porten.no som først skreiv om saka.

Det er to naturreservat som er under planlegging i Kaupanger. Dette skjer etter at grunneigar, Nils Joachim Knagenhjelm, melde skogen inn til frivillig vern.

I forslaget frå Fylkesmannen er det restriksjonar mot sykling i desse områda.

– Ei prinsippsak

Dette har skapt reaksjonar i sykkelmiljøet.

– Vi meiner at syklinga ikkje påfører desse stiane meir slitasje enn gåing. Så vi føler oss forskjellsbehandla frå turgåarar, seier Melbye.

Dei to områda, som har fått namnet Rodeholene og Breidesete naturreservat, er på om lag 12 000 mål til saman. Innanfor desse ligg det tre stiar som blir brukt av syklistar.

Rickard Sundell i Heggmyrane

VIKTIG SAK: Rickard Sundell i Sogn Terrengsykkel meiner dette er ein viktig prinsippsak for syklistane.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Dette er ei prinsipielt viktig sak som er mykje større enn dei tre stiane. Det er veldig uheldig om ein grunneigar kan bruke frivillig vern for å få vekk syklistar frå marka sin. Det er ikkje det som er frivillig vern, seier Rickard Sundell, som sit i styret i Sogn Terrengsykkel.

Arrangerer folkemøte

Grunneigaren i Kaupanger, Nils Joachim Knagenhjelm, ønska ikkje å kommentere saka. Han seier det er opp til Fylkesmannen å avgjere kva restriksjonar som skal gjelde i naturreservata.

– På tysdag skal vi ha eit ope møte på Kaupanger. Eg håpar dette gir litt meir klarheit i saka og at folk forstår at det er mogleg og ferdast her tilnærma likt som i dag, seier Tom Dybwad hos Fylkesmannen.