Hopp til innhold

– Det heile er veldig stygt og meir enn kva eit menneske kan tole

Ap-veteran Clara Øberg fryktar for Trond Giske si helse etter hardkøyret den siste tida. – Dette kan øydelegge ein person fullstendig, meiner ho.

Clara Øberg på talarstol

KRITISK: Dei stadige anonyme skuldingane mot Trond Giske er meir enn kva eit menneske kan tole, seier Clara Øberg. Ho åtvarar mot massesuggesjon og førehandsdømming.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det seier Ap-nestoren frå Sogn og Fjordane, Clara Øberg. Ho har vore Ap-tillitsvald i 30 år og leiar no valkomiteen i fylkespartiet.

– Trond Giske er utsett for ein svertekampanje der han ikkje har høve til å forsvare seg. Det heile er veldig stygt og meir enn kva eit menneske kan tole, meiner Øberg.

– Dette er ei skadeleg sak for Arbeidarpartiet og ein personleg tragedie for Trond Giske og familien hans. Det er flott at ein har varsling når andre måtar ikkje fungerer, men vi skal også vere klar over kva vi brukar varsling til, seier Øberg.

– Fleire kvinner har fortalt om upassande oppførsel av seksuell karakter frå Giske. Trur du ikkje på kvinnene?

– Eg avviser ikkje noko som helst og forsvarer slett ikkje seksuell trakassering. Men ein må sjå på sakene før ein konkluderer. Her har ikkje Giske hatt ein sjanse fordi det har vore konkludert frå første stund.

Trond Giske kommenterer prognosen

FRITATT: Nestleiar i Ap, Trond Giske, er friteken frå vervet som nestleiar i partiet på ubestemt tid. Årsaka er fleire skuldingar om seksuell trakassering. Giske har beklaga oppførselen sin, men også tatt til motmæle og sagt at fleire av skuldingane er grunnlause.

Foto: NRK

Friteken som nestleiar

Søndag kveld melde Arbeidarpartiet i ei pressemelding at Giske er friteken frå vervet som nestleiar i Ap.

– Eg trur på dei, les dei og behandlar dei i tråd med retningslinene våre. Det sa Ap-leiar Jonas Gahr Støre om varsla mot nestleiar Giske då han gjesta Politisk Kvarter i dag tidleg.

– Eg fann det nødvendig å gje han det råd at han blir friteken for nestleiarvervet, noko han var einig i, sa Støre i Politisk Kvarter.

Øberg påpeikar at Giske er utsett for eit ekstremt press, eit press som kan vere vanskeleg å bere.

– Mange leiande Ap-politikarar har stått for ei sterk førehandsdømming av Giske, ei førehandsdøming vi knapt har sett maken til, seier Øberg.

Siri Sandvik, leiar for Ap sitt kvinnenettverk i Sogn og Fjordane, er ein av dei som ser på saka på ein heilt annan måte enn Øberg.

– Eg synest ikkje at Arbeidarpartiet kan ha ein nestleiar som er skulda for ein sånn type åtferd. Personleg syns eg ikkje at han kan bli nestleiar igjen, sa Sandvik til NRK søndag kveld.

NRK har gjort ei rekkje forsøk på å få kontakt med Siri Sandvik i dag, utan å lukkast.

Siri Sandvik

NEI TIL GISKE: Siri Sandvik (bildet), leiar for Ap sitt kvinnenettverk i Sogn og Fjordane, er ein av dei som har førehandsdømt Trond Giske, meiner Clara Øberg. Sandvik vil ikkje sjå Trond Giske som nestleiar igjen i Arbeidarpartiet.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Uroa over Giske si helse

Øberg meiner Sandvik er ein av dei som førehandsdømer Giske.

– No er situasjonen slik at er ok å kome med ein heil haug med påstandar, til alt overmål anonymt og utan at Giske kan forsvare seg. Dette kan øydelegge ein person fullstendig, seier ho.

Øberg ser hardkøyret mot Giske som del av ein politisk maktkamp i toppleiinga i Arbeidarpartiet.

– Gjennom mange år i politikken har eg sett fleire døme, både frå mitt eige parti og andre, der enkelte har vore villige til å bruke sterke middel for å oppnå posisjonar eller å få folk vekk frå posisjonar. Eg ser ikkje vekk frå at det er slik også i denne saka, seier ho.

NRK har vore i kontakt med Arbeidarpartiet sin pressekontakt, men har så langt ikkje fått noko svar tilbake.