Hopp til innhold

Fryktar Stryn byter fylke trass millioninvesteringar

Fylkeskommunale investeringar i hundremillionarsklassa står for tur i Stryn. Likevel er kommunen klar for å melde overgang til eit anna fylke. Det er kime til uro hjå fylkespolitikarane.

Store investeringar i Stryn

MILLIONAR: Vegen til Flo står på fylkespolitikarane si liste, ny Olden-Innvik er snart klart og 130 millionar kroner vart brukt av fylkeskommunen sitt budsjett for å få på plass ein ny vidaregåande skule i Stryn. Trass millioninvesteringar ser kommunen mot Møre og Romsdal.

Foto: NRK/Arne Vik

– Eg håpar oppriktig at dei ser at det er av større verdi å vere del av Sogn og Fjordane, enn å hamne heilt sør i Møre og Romsdal, som ein ny kommune, seier Ap-politikar Torbjørn Vereide.

Han er ein av fleire fylkespolitikarar som uttrykker uro over at kommunen i Nordfjord med sine 7100 innbyggjarar kan vere på veg til nabofylket i nord. Ordføraren i Stryn har fleire gonger signalisert at det kan bli ein realitet. Ein intensjonsavtale med Hornindal er signert, og torsdag skreiv Fjordingen at Volda også vil forhandle med begge desse kommunane.

Torbjørn Vereide desember 2015

UROA: Torbjørn Vereide er ein av fylkespolitikarane som ber stryningane om å ikkje forlate Sogn og Fjordane.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg meiner Sogn og Fjordane er avhengig av ei kritisk masse med innbyggarar for å ha gode felles tilbod for heile fylket, seier Vereide.

– Har vore ein evig kamp

Samstundes som kommunen vurderer å takke for seg i fjordfylket, har Sogn og Fjordane fylkeskommune nyleg bygd ny vidaregåande skule for 130 millionar kroner. Ny veg mellom Olden – Innvik vil snart vere klar. Det er også venta fylkeskommunale pengar til rassikring av Flovegen og utbetring av Balksettunnelen. Berre i veginvesteringar er det snakk om over 800 millionar kroner.

– At det er investert masse pengar i Stryn opp gjennom åra, det er med respekt å melde berre tull. Når det gjeld dei tinga som det er fatta vedtak på og skal investerast på innan samferdsle, så har det vore ein evig kamp, seier Høgre-ordførar Sven Flo.

Sven Flo

MØRE: Ordførar i Stryn, Sven Flo, har signalisert at det kan bli aktuelt å bli ein del av Møre og Romsdal.

Foto: Trond Vestre / NRK

Fryktar prosjekt blir nedprioriterte

Ordføraren er lite imponert over fylkeskommunen si satsing i indre Nordfjord. Han fryktar også at pengar som er lova til mellom anna tunnel på Flo kan bli nappa ut av fylkespolitikarane.

– Ein skal vere forsiktig med å påstå at ein er tilgodesett med så mange midlar, seier Flo.

Stryn har saman med Hornindal, Volda og Ørsta, tidlegare sikra seg godkjenning frå høgste politiske hald, om at fylkesgrenser ikkje skal stå i vegen for kommunesamanslåing. Kvifor stryningane ser seg mot nord er fylkesleiar i Arbeidarpartiet, Hilmar Høl usikker på.

– Eg veit ikkje om det er haldningar til Sogn og Fjordane som gjer at dei nordover, eller om det er tilpassing til kommunereforma. Eg trur det siste.

Vil ikkje sveltefore kommunane

Stryn er ikkje einaste kommunen som vurderer å forlate Sogn og Fjordane. Gulen ser mot Hordaland og det same gjer Vik og Aurland. Selje ser også nordover mot Møre. Vereide trur ikkje ein kan slutte å bruke pengar sjølv om kommunane er på veg ut.

- Eg veit frå kjærleikslivet at viss damer er på veg ut døra, så bør du ikkje kutte i matbudsjettet for å prøve å få ho inn att. Vi må også hugse at vi har gjort vårt aller beste for å bygge eit tilbod for innbyggjarane.