Hopp til innhold

Har du fått ny straummålar? Ingen grunn til å frykte stråling, meiner styresmaktene

Forbrukarar fryktar nye smarte straummålarar kan gje helseskadar. Sunnfjord Energi seier stråleverdiane ligg langt innanfor lovlege grenser og meiner dei ikkje er noko å frykte.

Automatisk straummålar

STRÅLING: Slike automatiske straummålarar skal inn i alle husstandar i Sogn og Fjordane innan utgangen av neste år.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Innan utgangen av neste år skal alle husstandar i Noreg ha fått installert ein automatisk straummålar. Sunnfjord Energi er kraftselskapet som er først ut her i fylket og har til no installert 5500 målarar.

NRK har vore i kontakt med fleire som fryktar for eiga helse når dei nye målarane kjem. Berre i Sunnfjord har ein stad mellom 30 og 40 personar har til no tatt kontakt med Sunnfjord Energi fordi dei vil reservere seg mot ein slik målar.

Ein av dei er Werner Fleten i Førde. Han meiner stråling frå slike målarar ikkje er godt nok greia ut.

– Verken eg eller fruen vil ha ein slik målar i hus. Eg har høyrt om fleire folk som har fått hovudverk etter at målaren har kome og som har måtta demontere den igjen.

– Men er det ikkje slik at det er mange ting i eit hus som gir mykje meir stråling enn ein slik målar?

– Det er svært mogleg, men eg synest vi får for runde svar når vi ringer og spør om stråling, og kraftselskapa har ikkje nokon bevis som seier at folk ikkje får helseskadar av slike målarar, seier Fleten.

Strålar hyppigare enn oppgitt

Werner Fleten er ikkje åleine om å reservere seg mot slike målarar. Sivilingeniør Jostein Ravndal i Foreningen for el-overfølsomme jobbar mykje med måling av stråling i samfunnet. Han fortel at somme målarar strålar mykje meir enn det som har vore sagt.

– Det vert gjerne informert om at målaren registrerer data ein gong i timen og at dei så vert overført til kraftselskapet ein gong i døgnet. Vi har gjort målingar på ein mykje brukt finsk straummålar som er i bruk både på Austlandet og Vestlandet. Det viser seg at den sender ut radiosignal oftare enn ein gong i sekundet, seier Ravndal.

Skal måle stråling

Arild Fleten

GODKJENT: Nettsjef i Sunnfjord Energi, Arild Fleten, seier strålinga frå dei nye automatiske straummålarane er langt innanfor krava til Statens strålevern.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

I Sogn og Fjordane vert det brukt ein annan målar og den er det ikkje gjort liknande målingar på enno.

– Statens strålevern og Nkom skal gjere målingar i tida framover for å finne ut meir om stråleverdiane, seier nettsjef i Sunnfjord Energi, Arild Fleten.

Han understrekar samtidig at målaren dei brukar er grundig testa og at det er den same målaren som vert brukt mange andre stadar i landet.

– Eg vil påstå at strålinga ikkje er helsefarleg. Målarane er langt innanfor dei krava som Statens strålevern har sett, seier Arild Fleten.

Ingen grunn til restriksjonar

Og Arild Fleten får støtte frå Sindre Øvergård i Statens strålevern.

– All godkjent forsking viser at det ikkje er nokon grunn til å skulle gi restriksjonar på bruk av apparat med stråling på det nivået, seier Øvergård.

Han fortel at ein straummålar sin maksimale sendeeffekt er på ein halv watt, mens den maksimale sendeeffekten frå til dømes ein mobiltelefon er på to watt.